bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Ezekiel 4
Ezekiel 4
Norwegian N 78 NN
← Chapter 3
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 5 →
1
Du menneske, ta ein murstein og legg han framfor deg! På den skal du rita ein by, Jerusalem.
2
Du skal kringsetja byen, byggja skansar mot han og kasta opp ein voll ikring han. Lat hærar leira seg rundt byen og set opp stormbukkar mot han på alle kantar!
3
Ta så ei jernplate og set henne som ein jernvegg mellom deg og byen, og vend andletet mot byen! Såleis vert han kringsett, og du går til åtak på han. Det skal vera eit teikn for Israels-ætta.
4
Så skal du leggja deg på venstre sida og leggja Israels skuld over på den. Like mange dagar som du ligg så, skal du bera skulda deira.
5
Like mange år som dei har synda, like mange dagar lèt eg deg få, tre hundre og nitti dagar. Så lenge skal du bera Israels skuld.
6
Når du er ferdig med desse dagane, skal du leggja deg att, no på høgre sida, og bera skulda åt Juda-folket. I førti dagar, éin dag for kvart år, lèt eg deg bera henne.
7
Vend andletet mot det kringsette Jerusalem! Med berr arm skal du tala profetord mot byen!
8
Sjå, eg bind deg med tog, så du ikkje kan snu deg frå den eine sida til den andre før du er ferdig med dei dagane du skal halda byen kringsett.
9
Ta så kveite og bygg, bauner og linser, hirse og spelt, legg det opp i eit trog og bak brød av det! Så mange dagar som du ligg på sida, i tre hundre og nitti dagar, skal du eta av dette.
10
Den maten du dagleg et, skal vega tjue sekel. Til faste tider skal du eta han.
11
Vatnet du drikk, skal mæla ein sjettedels hin. Til faste tider skal du drikka det.
12
Brødet skal du eta som byggkaker. Du skal steikja det beint framfor augo deira med turka menneskemøk til brensel.
13
Såleis skal israelittane eta ureint brød mellom dei folkeslag eg driv dei bort til, sa Herren.
14
Eg svara: «Å, Herre Gud, eg har aldri vore urein. Frå min ungdom og heilt til no har eg aldri ete kjøt av sjølvdaude eller ihelrivne dyr. Og ureint offerkjøt har eg ikkje hatt i min munn.»
15
Då sa han til meg: «Godt, i staden for menneskemøk lèt eg deg bruka kumøk til å steikja brødet ditt på.»
16
Så sa han til meg: Menneske, no bryt eg sund brødstaven i Jerusalem. Med sut skal dei eta brød etter vekt, og med redsle skal dei drikka vatn etter mål.
17
Ja, dei skal sleppa opp for brød og vatn. Både den eine og den andre skal verta forstøkt og forgå på grunn av si synd og skuld.
← Chapter 3
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 5 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48