bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Ezekiel 8
Ezekiel 8
Norwegian N 78 NN
← Chapter 7
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 9 →
1
I det sjette året, den femte dagen i den sjette månaden, hende det at Herrens hand kom over meg medan eg sat i huset mitt, og dei eldste mellom jødane sat framfor meg.
2
Då fekk eg sjå ein skapnad som likna ein mann. Nedover frå hoftene såg han ut som eld, og frå hoftene og oppover var det liksom ein glans, som skinande metall å sjå til.
3
Han rette ut eitkvart som likna ei hand, og tok tak i hårluggen min. Ånda lyfte meg opp mellom jord og himmel, og i syner frå Gud tok ho meg med til Jerusalem, til porten i nord som fører inn i den indre tempelgarden. Der stod det eit gudebilete som gjorde Gud brennande harm.
4
Og sjå, der var herlegdomen åt Israels Gud, så som eg hadde sett han i dalen.
5
Han sa til meg: «Menneske, lyft augo mot nord!» Då eg lyfte augo og såg mot nord, fekk eg auga på gudebiletet som gjorde Herren harm, nord for altarporten, nær inngangen.
6
Han sa til meg: «Menneske, ser du kva dei gjer? Den styggedomen som Israels-ætta driv med her, er så stor at eg må fara langt bort frå heilagdomen min. Men du skal få sjå endå meir av stygge ting.»
7
Så tok han meg med til porten som fører inn i tempelgarden, og der såg eg eit hol i veggen.
8
Han sa til meg: «Menneske, bryt deg igjennom veggen!» Då eg hadde gjort som han sa, fekk eg sjå ei dør.
9
Og han sa til meg: «Gå inn og sjå all den fæle styggedomen som dei driv med der.»
10
Då eg kom inn, fekk eg auga på alle slag stygge bilete av krek og fe og alle Israels avgudar, som var innrita rundt ikring på veggene.
11
Framfor dei stod sytti mann av Israels eldste, og midt imellom dei stod Ja’asanja, son til Sjafan. Kvar av dei hadde ei røykjelsesskål i handa, og ein ange steig opp frå røykjelsesskya.
12
Då sa han til meg: «Menneske, har du sett kva dei eldste i Israel driv med i mørkret, kvar i det romet der han har biletet sitt? Herren ser oss ikkje, seier dei, han har fare bort frå landet.
13
Men endå meir skal du få sjå av all den styggedomen dei driv med,» sa han til meg.
14
Så tok han meg med bortåt inngangen til den porten som fører inn i Herrens hus på nordsida. Der sat kvinnene og gret over Tammus.
15
«Ser du, menneske?» sa han til meg. «Men du skal få sjå meir styggedom som er verre enn denne.»
16
Så førte han meg til den indre føregarden i Herrens hus. Og der, attmed inngangen til Herrens tempel, mellom forhalla og altaret, stod ikring tjuefem menn med ryggen mot Herrens tempel og andletet vendt mot aust. Dei bøygde seg mot aust og tilbad sola.
17
Då sa han til meg: «Ser du, menneske? Er det ikkje nok at Juda-ætta gjer all denne styggedomen som dei har gjort her? Dei fyller då landet med valdsferd, og såleis vekkjer dei atter min harme. Sjå korleis dei held vinranka opp under nasen på meg.
18
Så vil eg òg gripa inn i harme. Eg vil ikkje visa medkjensle eller skånsel. Om dei ropar aldri så høgt inn i øyro mine, vil eg ikkje høyra på dei.»
← Chapter 7
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 9 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48