bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Jeremiah 11
Jeremiah 11
Norwegian N 78 NN
← Chapter 10
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 12 →
1
Dette er det ordet som kom til Jeremia frå Herren:
2
Høyr orda i denne pakta og tal til Juda-mennene og Jerusalems-buane!
3
Sei til dei: Så seier Herren, Israels Gud: Forbanna vere den som ikkje lyder orda i denne pakta,
4
som eg baud fedrane dykkar å halda den gongen eg førte dei ut or Egypt, or smelteomnen. Då sa eg: Lyd meg, og gjer alt det eg byd dykk! Så skal de vera mitt folk, og eg vil vera dykkar Gud.
5
Og eg vil halda den lovnaden eg gav fedrane dykkar med eid, at eg ville gje dei eit land som fløymer med mjølk og honning, så som det no har hendt. Då svara eg: «Så skal det vera, Herre!»
6
Herren sa til meg: Rop ut alle desse orda over byane i Juda og på gatene i Jerusalem: Høyr orda i denne pakta og lev etter dei!
7
Eg formante fedrane dykkar den gongen eg førte dei ut or Egypt, og sidan har eg til denne dag formant dei seint og tidleg: «Høyr kva eg seier!»
8
Men dei ville ikkje høyra og vende ikkje øyra til. Alle fylgde dei sitt vonde og harde hjarta. Då påla eg dei alle orda i denne pakta, som eg baud dei å halda, men som dei ikkje har halde.
9
Sidan sa Herren til meg: Eg har vorte var ei samansverjing mellom Juda-mennene og Jerusalems-buane.
10
Dei har vendt tilbake til misgjerningane åt dei fyrste fedrane sine. Dei ville ikkje lyda orda mine, men heldt seg til andre gudar og dyrka dei. Israels-ætta og Juda-ætta har brote den pakta eg gjorde med fedrane deira.
11
Difor seier Herren: Sjå, eg fører over dei ei ulukke som dei ikkje kan sleppa frå. Når dei ropar til meg, vil eg ikkje høyra på dei.
12
Då skal folket i Juda-byane og i Jerusalem gå og ropa til gudane dei ofrar til, men dei skal ikkje hjelpa når ulukka kjem.
13
For du har like mange gudar som du har byar, Juda! Og de har reist like mange altar for Skamma som det er gater i Jerusalem, altar der de ofrar til Ba’al.
14
Du skal ikkje be for dette folket og ikkje bera fram klagerop og bøner for dei. For eg vil ikkje høyra når dei ropar til meg i si naud.
15
Kva vil ho som eg elskar, ¬i mitt hus, ho som har lagt ¬svikefulle planar? Kan lovnader ¬og heilagt offerkjøt ta bort din vondskap? Då kunne du jubla.
16
Herren har kalla deg ¬eit oliventre, grønt, med fager frukt. Men med bulder og brak set elden det i brann, så greinene brotnar.
17
Herren, Allhærs Gud, ¬som planta deg, trugar deg no med ulukke for det vonde ¬som Israels og Judas ætt gjorde mot seg sjølve, ¬då dei ofra til Ba’al og såleis vekte min harme.
18
Herren gjorde det kjent ¬for meg, eg fekk vita om det; då synte du meg ¬deira gjerningar.
19
Eg hadde vore godtruen ¬som eit lam som vert leitt til slakting. Eg visste ikkje at dei tenkte ut vonde planar mot meg og sa: «Lat oss øydeleggja ¬både treet og frukta og rydja han ut ¬or landet åt dei levande, så ingen nemner ¬namnet hans meir.»
20
Herre, Allhærs Gud, ¬du rettferdige domar, som granskar hjarta og nyrer, lat meg få sjå ¬at du tek hemn over dei; for eg har lagt mi sak i di hand.
21
Difor seier Herren så ¬om mennene i Anatot, som står meg etter livet ¬og seier: «Du må ikkje tala profetord ¬i Herrens namn, elles skal du døy for vår hand»,
22
ja, så seier Herren, ¬Allhærs Gud: Sjå, eg vil krevja dei ¬til rekneskap. Dei unge mennene ¬skal døy for sverd, deira søner og døtrer ¬skal døy av svolt.
23
Ingen av dei skal leivast; for eg fører ulukke ¬over Anatot-mennene det året eg krev dei ¬til rekneskap.
← Chapter 10
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 12 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52