bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Jeremiah 13
Jeremiah 13
Norwegian N 78 NN
← Chapter 12
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 14 →
1
Så sa Herren til meg: «Gå og kjøp deg eit belte av lin og spenn det om livet, men lat det ikkje koma i vatn!»
2
Eg kjøpte då eit belte, som Herren hadde sagt, og spente det om livet.
3
Då kom Herrens ord til meg andre gongen, og det lydde så:
4
«Ta det beltet du kjøpte, det du har om livet, og stå opp og gå til Eufrat! Der skal du gøyma det i ei bergskorte.»
5
Eg gjekk og gøymde det attmed Eufrat, så som Herren hadde sagt meg.
6
Lang tid etter hende det at Herren sa til meg: «Stå opp og gå til Eufrat og henta beltet som eg bad deg gøyma der.»
7
Eg gjekk til Eufrat og grov opp beltet og tok det bort frå den staden der eg hadde gøymt det. Men då var beltet øydelagt og dugde ikkje til noko.
8
Då kom Herrens ord til meg, og det lydde så:
9
Så seier Herren: Såleis vil eg gjera ende på det store hovmodet i Juda og Jerusalem.
10
Det skal gå dette vonde folket som ikkje vil høyra på mine ord, men fylgjer sitt harde hjarta og held seg til andre gudar, som dei dyrkar og kastar seg ned for, så som det gjekk dette beltet, som ikkje duger til noko.
11
For liksom beltet er godt fastbunde om hoftene til mannen, såleis har eg bunde heile Israels-ætta og Juda-ætta til meg, lyder ordet frå Herren, så dei skal vera mitt folk, til ære, pris og prydnad for meg; men dei ville ikkje høyra.
12
Du skal tala dette ordet til dei: Så seier Herren, Israels Gud: Kvar krukke skal fyllast med vin. Og når dei svarar deg: «Vi veit då godt at kvar krukke er til å fylla vin på»,
13
skal du seia til dei: Så seier Herren: Sjå, eg fyller alle som bur her i landet, så dei vert drukne, både kongane som sit på Davids kongsstol og prestane, profetane og alt folket i Jerusalem.
14
Eg vil knusa dei, den eine mot den andre, både fedrar og søner, lyder ordet frå Herren. Utan skånsel, medkjensle eller miskunn vil eg gjera ende på dei.
15
Høyr og lyd etter, lat hovmodet fara! Det er Herren som talar.
16
Gjev Herren dykkar Gud ære før han lèt det mørkna, før de snåvar og fell på fjella når det skymest. De vonar på ljos, men det skal verta stummande mørker ¬og svart natt.
17
Men vil de ikkje høyra ¬på dette, må eg gråta i løynd over hovmodet dykkar, gråta så tårene renn frå auga fordi Herrens folk ¬vert ført i fangenskap.
18
Sei til kongen og kongens mor: Set dykk lenger nede, for no er den staselege krona fallen av hovudet dykkar.
19
Byane i Negev er stengde, det er ingen som opnar dei. Heile folket i Juda er bortført, bortført til siste mann.
20
Lyft augo dykkar og sjå: Der kjem dei frå nord! Kvar er no den flokken du fekk, dei fine sauene dine?
21
Kva vil du seia når dei du er van å ha til vener, vert sette til hovdingar ¬over deg? Då vil du vel gripast av rier som ei kvinne når ho skal føda.
22
Kanskje seier du ¬med deg sjølv: «Kvifor skal dette henda meg?» Jau, på grunn av di store skuld vart ditt slep lyft opp og dine lemer utsette for vald.
23
Kan ein neger skifta si hud eller ein leopard sine flekker? Då kan de òg gjera godt, de som er vane å gjera vondt.
24
No vil eg spreia dei ¬lik halmstrå som fyk for vind ¬utor øydemarka.
25
Det er din lut, din tiletla del, som du får frå meg, lyder ordet frå Herren, fordi du gløymde meg og sette di lit til lygn.
26
Eg skal sjølv lyfta slepet opp over andletet på deg, så dei ser di skam,
27
ditt ekteskapsbrot, ¬di vrinsking og din skamlause ulivnad. På haugane og ute på marka såg eg den styggedom ¬du dreiv med. Ve deg, Jerusalem, ¬som ikkje vert rein! Kor lenge skal dette vara?
← Chapter 12
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 14 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52