bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Jeremiah 18
Jeremiah 18
Norwegian N 78 NN
← Chapter 17
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 19 →
1
Dette er det ordet som kom til Jeremia frå Herren:
2
«Stå opp og gå ned til krusmakarens hus! Der skal du få høyra orda mine.»
3
Så gjekk eg ned til krusmakaren, som stod og arbeidde ved dreieskiva.
4
Når det kjeraldet han heldt på med, vart mislukka – slikt hender med leira i ein krusmakars hand – så gjorde han det om att og laga eit anna kjerald, som han ville ha det.
5
Då kom Herrens ord til meg, og det lydde så:
6
Skulle ikkje eg kunna gjera med dykk, Israels ætt, like eins som denne krusmakaren gjer med leira? lyder ordet frå Herren. Som leira i krusmakarens hand, så er de i mi hand, Israels ætt.
7
Stundom trugar eg eit folk og rike med å rykkja opp og riva ned og leggja i øyde.
8
Men dersom det folket eg har truga, vender om frå sin vondskap, då gjev eg opp det vonde som eg hadde tenkt å gjera mot det.
9
Stundom lovar eg eit folk og rike at eg vil byggja og planta.
10
Men gjer dei då det som vondt er i mine augo og ikkje høyrer på mi røyst, då gjev eg opp det gode eg hadde tenkt å gjera mot dei.
11
Sei no til Juda-mennene og Jerusalems-buane: Så seier Herren: Eg førebur ei ulukke og tenkjer ut ein plan mot dykk. Vend då alle om frå dykkar vonde ferd, og lat dykkar åtferd og gjerningar betrast!
12
Men dei svarar: «Det er nyttelaust. Vi vil fylgja våre eigne tankar, kvar og ein av oss vil gjera etter sitt vonde, harde hjarta.»
13
Difor seier Herren: Spør mellom folkeslaga: Kven har høyrt noko slikt? Det er fæle ting møya Israel har gjort.
14
Kan snøen på Libanon bråna bort på det høge fjellet? Eller kan det kalde vatnet frå framandt land turka ut?
15
Men mitt folk har gløymt meg, dei brenner offer ¬for falske gudar. Dei snåvar på vegane sine, på dei eldgamle stigane, og slår inn på andre spor, der ingen veg er bygd.
16
Såleis gjer dei landet sitt ¬til eit skræmsel og til ei evig spott. Alle som fer framom, kjem til å fæla og rista ¬på hovudet.
17
Liksom austavinden ¬spreier eg dei for augo på fiendane deira. Eg viser dei ryggen ¬og ikkje andletet den dagen ulukka når dei.
18
Dei sa: «Kom, lat oss tenkja ut vonde planar mot Jeremia! For det vantar ikkje rettleiing ¬hjå presten, råd hjå den vise ¬eller ord hjå profeten. Kom, lat oss fella han ¬med hans eigne ord og ikkje høyra på noko ¬av det han seier.»
19
Herre, lyd på meg! Høyr kva mine motstandarar ¬seier!
20
Skal ein løna godt med vondt? Dei har då grave ei grav ¬for meg. Men kom i hug ¬at eg stod for ditt åsyn, ville tala deira sak og venda din harme bort ¬frå dei.
21
Gjev difor borna deira ¬over til svolten, lat sverdet ta seg av dei! Lat kvinnene verta barnlause ¬og enkjer, lat mennene råkast av døden og unggutane falla for sverd ¬i krigen.
22
Lat det høyrast skrik ¬i husa deira når du brått lèt ein røvarflokk ¬koma over dei. Dei grov då ei grav ¬til å fanga meg og sette løynde snarer ¬for føtene mine.
23
Men du, Herre, kjenner til at dei legg planar ¬om å drepa meg. Ta ikkje bort deira skuld, og stryk ikkje ut deira synd ¬for ditt åsyn, men lat dei falla og liggja der! Grip inn mot dei ¬på din vreidedag!
← Chapter 17
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 19 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52