bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Jeremiah 20
Jeremiah 20
Norwegian N 78 NN
← Chapter 19
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 21 →
1
Då Pasjkur Immersson, presten, som var øvste tilsynsmannen i Herrens hus, høyrde Jeremia bera fram denne spådomen,
2
lét han profeten Jeremia piska og sette han i blokka ved den øvre Benjamins-porten, som fører inn til Herrens hus.
3
Dagen etter sleppte Pasjkur Jeremia laus frå blokka. Då sa Jeremia til han: Herren kallar deg ikkje lenger Pasjkur, men «Redsle rundt ikring».
4
For så seier Herren: Eg gjer deg til ei redsle for deg sjølv og for alle venene dine. Dei skal falla for fiendesverd, medan du ser på. Og heile Juda vil eg gje i hendene på babylonarkongen. Han skal føra dei bort til Babylonia og hogga dei ned med sverd.
5
Og eg vil gje alt det dei eig i denne byen, all frukta av deira strev, alle deira dyre eigneluter og alle skattane åt Juda-kongane i hendene på fiendane deira. Dei skal røva dei, ta dei med seg og føra dei til Babylonia.
6
Og du, Pasjkur, og alle som bur i ditt hus, skal fara i fangenskap og koma til Babylonia. Der skal du døy, og der skal du finna di grav, både du og alle venene dine, som du har spått lygn for.
7
Du lokka meg, Herre, ¬og eg lét meg lokka; du vart for sterk for meg ¬og vann. Eg er til låtteløye heile dagen, alle spottar meg.
8
Så ofte eg talar, lyt eg skrika, «Vald og overfall!» lyt eg ropa. For Herrens ord har dagen lang vorte meg til spott og skam.
9
Men når eg tenkte: «Eg vil gløyma han og ikkje lenger tala ¬i hans namn», då vart det som logande eld ¬i mitt hjarta, innestengd i mine bein. Eg streva for å halda det att, men greidde det ikkje.
10
Ja, eg har høyrt mange ¬som kviskrar – det er noko som skræmer ¬på alle kantar: «Meld han! ¬Vi skal melda han!» Alle som eg hadde fred med, ventar på at eg skal falla: «Kanskje lèt han seg lokka, så vi kan få han i vår makt og hemna oss på han.»
11
Men Herren er med meg ¬lik ei veldig kjempe. Difor skal dei snåva, dei som forfylgjer meg, og ikkje vinna over meg. Dei skal stå der med stor skam fordi dei ikkje ¬hadde lukka med seg – ei vanære som aldri ¬vert gløymd.
12
Herre, Allhærs Gud, du som prøver den rettferdige, som ser både hjarta og nyrer, lat meg få sjå at du tek ¬hemn over dei, for eg har lagt mi sak i di hand.
13
Syng for Herren, ¬lovpris Herren, for han bergar den fattige og friar han ¬frå ugjerningsmenn.
14
Forbanna vere den dagen då eg vart fødd! Den dagen mor mi fødde meg, skal ikkje vera velsigna!
15
Forbanna vere den mann som kom til far min ¬med gledebodet: «Du har fått ein gut,» og såleis gledde han storleg.
16
Lat det gå den mannen ¬som det gjekk dei byane Herren øydela utan medynk! Lat han høyra skrik ¬om morgonen og hærrop midt på dagen,
17
fordi han ikkje drap meg ¬i mors liv, så mor mi vart mi grav og alltid gjekk med barn.
18
Kvifor kom eg ut or mors liv når eg berre skulle oppleva ¬møde og sorg og enda mine dagar i skam?
← Chapter 19
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 21 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52