bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Jeremiah 27
Jeremiah 27
Norwegian N 78 NN
← Chapter 26
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 28 →
1
Kort tid etter at Sidkia, son til Josjia, hadde vorte konge i Juda, kom dette ordet til Jeremia frå Herren:
2
Så sa Herren til meg: Lag deg reip og åk, og legg dei over nakken din!
3
Send dei til kongane i Edom, Moab, Ammon, Tyrus og Sidon med dei sendemennene som er komne til Juda-kongen Sidkia i Jerusalem,
4
og bed dei seia til herrane sine: Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Så skal de seia til herrane dykkar:
5
Det er eg som har skapt jorda og menneska og dyra som lever der, med mi store kraft og min strake arm. Eg kan gje det til den eg held for den rette.
6
Og no gjev eg alle desse landa i hendene på babylonarkongen Nebukadnesar, tenaren min. Jamvel villdyra på marka gjev eg han, så dei skal tena han.
7
Alle folkeslag skal træla for han og son hans og soneson hans, til dess tida kjem for hans eige land, då mange folkeslag og store kongar skal gjera han til træl.
8
Det folket og det riket som ikkje vil tena babylonarkongen Nebukadnesar og ikkje vil bøya nakken under hans åk, det folket straffar eg med sverd og svolt og pest, til eg får gjort ende på dei ved hans hand, lyder ordet frå Herren.
9
De skal ikkje høyra på profetane dykkar eller på spåmennene, drøymarane, teikntydarane og trollmennene, som seier til dykk: «De kjem ikkje til å træla for kongen i Babylonia.»
10
Det er lygn det dei spår dykk; dei vil ha dykk ut or landet dykkar; og eg driv dykk bort og lèt dykk gå til grunne.
11
Men det folket som bøyer nakken under babylonarkongens åk og tener han, det lèt eg vera i fred på si jord, så dei kan dyrka henne og bu der, lyder ordet frå Herren.
12
Til Sidkia, Juda-kongen, sa eg det same: Bøy nakken under babylonarkongens åk og ten han og folket hans, så skal de få leva.
13
Kvifor vil de døy, du og folket ditt, for sverd og svolt og pest? Såleis har då Herren truga med å straffa kvart folk som ikkje vil tena kongen i Babylonia.
14
Høyr ikkje på profetane som seier: «De kjem ikkje til å træla for babylonarkongen.» Det er lygn det dei spår dykk.
15
For eg har ikkje sendt dei, lyder ordet frå Herren. Dei spår lygn i mitt namn, så eg skal driva dykk bort og la dykk gå til grunne saman med profetane som spådde for dykk.
16
Til prestane og heile folket her sa eg: Så seier Herren: Høyr ikkje på profetane når dei spår for dykk og seier: «Dei heilage kara frå Herrens hus skal no snart førast heim att frå Babylon.» For det er lygn det dei spår.
17
Høyr ikkje på dei, men ten babylonarkongen, så skal de få leva. Kvifor skal denne byen leggjast i røys?
18
Men er dei profetar, er Herrens ord med dei, så lat dei be inderleg til Herren, Allhærs Gud, at dei kara som enno er att i Herrens hus, i Juda-kongens slott og elles i Jerusalem, ikkje må koma til Babylon.
19
For så seier Herren, Allhærs Gud, om søylene, bronsehavet, fotstykka og alt det andre som er att her i byen,
20
og som babylonarkongen Nebukadnesar ikkje tok med seg då han førte Juda-kongen Jekonja, son til Jojakim, som fange frå Jerusalem til Babylon, i lag med alle stormennene i Juda og Jerusalem,
21
ja, så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud, om dei kara som er att i Herrens hus, i Juda-kongens slott og elles i Jerusalem:
22
Til Babylon skal dei førast, og der skal dei vera heilt til den dagen eg tek meg av dei, lyder ordet frå Herren. Då hentar eg dei og fører dei attende til denne staden.
← Chapter 26
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 28 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52