bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Jeremiah 43
Jeremiah 43
Norwegian N 78 NN
← Chapter 42
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 44 →
1
Då Jeremia var ferdig med å tala til folket og hadde sagt dei alle dei ord frå Herren deira Gud som Herren hadde sendt han med, og som er attgjevne her,
2
då sa Asarja, son til Hosjaja, og Johanan, son til Kareah, og alle dei andre skamlause mennene til Jeremia: «Det er lygn, det du seier! Herren vår Gud har ikkje sendt deg med det bodet at vi ikkje skal fara til Egypt og slå oss ned der.
3
Det er Baruk Neriason som eggjar deg opp mot oss, så vi skal koma i hendene på kaldearane; og så kan dei drepa oss eller føra oss bort til Babylonia.»
4
Korkje Johanan, son til Kareah, eller nokon av hærførarane eller nokon av folket ville lyda Herren, når han sa at dei skulle verta verande i Juda.
5
Johanan, son til Kareah, og hærførarane tok med seg alle som var att i Juda, dei som var komne tilbake frå alle folkeslaga dei hadde vore bortdrivne til, og ville slå seg ned i Juda,
6
mennene, kvinnene og borna og kongsdøtrene og alle dei som livvakthovdingen Nebusaradan hadde late vera att hjå Gedalja, son til Ahikam Sjafansson. Mellom dei var profeten Jeremia og Baruk Neriason.
7
Dei fór til Egypt, for dei ville ikkje lyda Herren. Og dei kom til Takpanhes.
8
I Takpanhes kom Herrens ord til Jeremia, og det lydde så:
9
Ta nokre store steinar og grav dei ned i leira på plassen framfor inngangen til faraos hus i Takpanhes, medan nokre menn frå Juda ser på.
10
Sei så til dei: Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Snart sender eg bod og hentar babylonarkongen Nebukadnesar, tenaren min. Han skal setja kongsstolen sin over desse steinane som du har grave ned, og slå opp tronhimmelen sin over dei.
11
Han skal koma og slå Egypt. Det vert døden for dei som må døy, fangenskap for dei som skal takast til fange, og sverd for dei som skal falla for sverd.
12
Han set eld på templa i landet og brenner gudebileta eller fører dei bort. Han plukkar egyptarane som ein gjætar plukkar lus av kappa si, og så fer han bort i fred.
13
Han skal slå sund steinstøttene i Bet-Sjemesj og brenna templa i Egypt.
← Chapter 42
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 44 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52