bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Job 15
Job 15
Norwegian N 78 NN
← Chapter 14
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 16 →
1
Då tok Elifas frå Teman til ords og sa:
2
Kan ein vismann svara ¬så bort i veret og blåsa seg opp ¬med tomt snakk,
3
forsvara si sak ¬med gagnlaus tale, med ord som ikkje duger?
4
Jamvel agen for Gud ¬bryt du ned og hindrar den stille ettertanke ¬for Guds åsyn.
5
Det er di synd som lærer deg ¬å bruka munnen, du vel å tala med listig tunge.
6
Det er din munn ¬som dømer deg, ikkje eg, dine lipper vitnar imot deg.
7
Vart du fødd ¬før andre menneske, vart du til før alle haugar?
8
Var du tilhøyrar ¬då Gud heldt fortruleg råd, reiv du til deg visdom der?
9
Kva veit du som vi ikkje veit, kva skjønar du ¬som er ukjent for oss?
10
Somme av oss er gamle og grå, eldre av år enn din eigen far.
11
Er Guds trøystande ord ¬ikkje nok for deg, ord som kjem til deg så mildt?
12
Kvifor lèt du kjenslene ¬riva deg med, kvifor rullar du med augo?
13
Du vender din harme mot Gud og tek sterke ord i din munn.
14
Kor kan vel eit menneske ¬vera skuldlaust? Kan den som er fødd ¬av ei kvinne, ha rett?
15
Gud lit ikkje eingong ¬på sine heilage englar, og himmelen er ikkje rein ¬i hans augo,
16
langt mindre ein mann ¬som er stygg og vond, som sluker urett liksom vatn.
17
Eg skal seia deg noko, ¬høyr på meg! Eg vil fortelja det eg har sett,
18
det som vise menn har forkynt, og som fedrane ikkje heldt dult.
19
Berre til dei vart landet gjeve, ingen framand drog saman ¬med dei.
20
Den gudlause lever støtt i angst, valdsmannen har ikkje ¬mange år i vente.
21
Han høyrer skræmande lydar, midt i fredstid ¬kjem herjaren mot han.
22
Han trur ikkje ¬han kjem att frå mørkret, han er etla til å falla for sverd.
23
Han flakkar om etter brød ¬– men kvar finst det? Han veit ¬han har mørke dagar i vente.
24
Naud og trengsle skræmer han og tek makta frå han liksom ein konge, budd til strid.
25
For han har lyft si hand ¬mot Gud og vore trassig ¬mot Den Allmektige.
26
Han stormar mot han, ¬bratt i nakken, under sitt tjukke, boga skjold.
27
Hans andlet er bolna av feitt, og han legg på seg ¬kring hoftene.
28
Han slår seg ned ¬i øydelagde byar, i hus der ingen kan bu, fordi dei held på å siga i røys.
29
Han vert ikkje rik, ¬hans velstand forgår, grøda bognar ikkje ¬på hans jord.
30
Han slepp ikkje ut or mørkret; logen skal svi hans friske skot, og vinden ¬skal sopa bort blomen.
31
Han må ikkje lita ¬på det som er fåfengt, for då narrar han seg sjølv, og gagnlaust er det han får att.
32
Han skal visna ¬før tida er komen, og greinene hans ¬skal aldri meir grønkast.
33
Han liknar eit vintre ¬som misser karten, eit oliventre som blomen fell av.
34
Nei, den gudlause flokken ¬får inga frukt, og elden øyder telta ¬åt dei som tek muter.
35
Dei avlar udåd ¬og føder vondskap, frå deira fang kjem berre svik.
← Chapter 14
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 16 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42