bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Job 31
Job 31
Norwegian N 78 NN
← Chapter 30
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 32 →
1
Eg har gjort ein avtale ¬med augo mine at eg ikkje skal sjå på ei møy.
2
Kva lut fekk eg elles ¬av Gud i himmelen, kva arv frå Den Allmektige ¬i det høge?
3
Ulukke kjem over den ¬som gjer urett, og vanlagnad over den ¬som gjer vondt.
4
Ser ikkje Gud korleis eg ferdast, tel han ikkje alle mine steg?
5
Skulle eg ha fare med svik og vore snar på foten ¬til å lura folk?
6
Lat Gud berre vega meg ¬på rettferds vekt, så skal han skjøna ¬at eg er heil i mi ferd.
7
Har eg bøygt av frå vegen og med augo fylgt det ¬som hugar mitt hjarta, finst det flekker ¬på mine hender,
8
då kan ein annan få eta ¬det eg har sått, og grøda kan rivast opp ¬med rot.
9
Har eg late meg dåra ¬av kvinner, har eg stått på lur ¬ved døra åt min neste,
10
då skal kona mi ¬mala korn for ein annan og andre få bøya seg ¬ned over henne!
11
For det ville vera skamlaus ferd, ei misgjerning ¬som fører til straff,
12
ja, ein eld som tærer ¬radt til avgrunnen; han skulle øyda all mi avling.
13
Krenkte eg retten ¬når eg hadde sak med min træl ¬eller mi trælkvinne,
14
kva skulle eg då gjera når Gud stod opp til doms, kva skulle eg svara når han granska mi sak?
15
Han som skapte meg i mors liv, har ikkje han skapt ¬den andre òg? Er det ikkje den same Gud som har forma oss begge ¬i mors liv?
16
Har eg sagt nei til småkårsfolk når dei bar fram sine ynske, og sløkt glansen i augo ¬på enkjer?
17
Har eg ete mitt brød åleine, så farlause ikkje ¬fekk smaka det?
18
Nei, som ein far ¬har eg fostra dei heilt frå min ungdom, og frå fyrste stund ¬har eg teke meg av enkjer.
19
Kunne eg sjå at nokon flakka ikring ¬utan klede, at den fattige ikkje hadde ¬eit teppe?
20
Måtte han ikkje velsigna meg fordi han fekk verma hoftene med ull frå lamma mine?
21
Har eg lyft hand ¬mot ein farlaus, fordi eg visste ¬eg fekk medhald i retten,
22
så lat mitt aksleblad ¬losna frå nakken og armen min gå or led!
23
For då vart eg gripen ¬av redsle frå Gud, kunne ikkje stå meg ¬mot hans velde.
24
Har eg sett mi von til gull eller sagt at eg lit ¬på det fine gullet?
25
Har eg gledt meg ¬fordi rikdomen auka, fordi eg vann mykje gods ¬med mi hand?
26
Når eg såg at solljoset stråla og at månen steig i sin glans,
27
då lét eg meg aldri dåra til å hylla dei med løynlege ¬kyss.
28
Nei, det hadde vore ¬ei misgjerning som førte til straff; då hadde eg fornekta Gud ¬i det høge.
29
Har eg gledt meg ¬over min fiendes fall eller jubla når ulukka råka han?
30
Eg lét aldri min munn ¬få synda så at eg forbanna han ¬og ynskte han døden.
31
Mitt husfolk kan sanneleg seia: «Fekk ikkje alle eta seg mette av kjøtet på hans bord?»
32
Og aldri laut ein framand liggja utfor mitt hus om natta; eg opna dørene for farande folk.
33
Har eg løynt mine synder ¬så som folk har for skikk, og gøymt mi skuld ved barmen,
34
av di eg var redd ¬for den store hopen, knust av vanvørdnad ¬frå ættefrendar, så eg heldt meg i ro ¬og ikkje gjekk ut?
35
Gjev einkvan ville høyra ¬på meg! Sjå, her er mi underskrift – lat Den Allmektige ¬svara meg! Gjev eg hadde det skrivet som min motpart har sett opp!
36
Då skulle eg ta det på aksla, setja det som eit diadem ¬på mitt hovud!
37
Eg skulle svara han ¬for alle mine steg og møta han som ein fyrste.
38
Dersom min åker skrik ¬imot meg og alle hans fòrer græt,
39
dersom eg utan vederlag ¬har tært på hans kraft og gjort livet tungt ¬for dei som eig han,
40
så lat det veksa klunger ¬i staden for kveite og ugras i staden for bygg! Her endar Jobs ord.
← Chapter 30
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 32 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42