bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1921 (Studentmållagsbibelen) (SMB)
/
1 Chronicles 10
1 Chronicles 10
Norwegian 1921 (Studentmållagsbibelen) (SMB)
← Chapter 9
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 11 →
1
Og filistarane stridde mot Israel, og Israels-mennerne flydde for filistarane, og det vart liggjande mange falne på Gilboafjellet.
2
Og filistarane sette etter Saul og sønerne hans, og då felte dei Jonatan og Abinadab og Malkisua, sønerne hans Saul.
3
Då dei no søkte hardt innåt Saul sjølv, og bogeskyttarane kom yver han, og han fekk ein støkk i seg for skyttarane.
4
Og Saul sagde til våpnsveinen sin: «Drag ut sverdet ditt og stikk det igjenom meg, so ikkje desse u-umskorne skal koma og fara ille med meg!» Men våpnsveinen hans vilde ikkje; for han var ovleg rædd. Då tok Saul sjølv sverdet og stupte seg på det.
5
Men då våpnsveinen såg at Saul var dåen, stupte han seg og på sitt sverd og døydde.
6
So døydde då Saul og dei tri sønerne hans; og dei som høyrde til hans hus, døydde alle i ein gong.
7
Då so alle dei Israels-mennerne som var i dalen, såg at dei hadde flytt, og at Saul og sønerne hans var falne, so for dei frå byarne sine og rømde undan, og so kom filistarane og slo seg ned i deim.
8
Andre dagen kom filistarane og skulde plundra liki, og dei fann då Saul og sønerne hans liggjande på Gilboafjellet.
9
Og dei plundra honom, og tok med seg hovudet og våpni hans og sende deim ikring i Filistarlandet, og kunngjorde gledebodet for avgudarne sine og for folket.
10
Og dei lagde våpni hans i gudshuset sitt; men hausen hans feste dei i Dagons-templet.
11
Då heile Jabes i Gilead høyrde alt det som filistarane hadde gjort med Saul,
12
drog dei av, alle våpnføre menner, og tok liket åt Saul og liket åt sønerne hans og førde deim til Jabes, og jorda beini deira under eiki i Jabes og heldt fasta i sju dagar.
13
So let Saul livet for sin utruskap mot Herren, med di han ikkje hadde fylgt Herrens ord, og like eins for di han hadde spurt ei som mana fram draugar og søkt råd hjå henne.
14
Han hadde ikkje søkt råd hjå Herren; difor let Herren honom døy, og sidan let han David Isaison få kongedømet.
← Chapter 9
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 11 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29