bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1921 (Studentmållagsbibelen) (SMB)
/
1 Samuel 7
1 Samuel 7
Norwegian 1921 (Studentmållagsbibelen) (SMB)
← Chapter 6
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 8 →
1
So kom då folk frå Kirjat-Jearim og henta Herrens kista dit upp og sette henne inn i Abinadabs hus på haugen. Dei helga Eleazar, son hans, til å vakta Herrens kista.
2
Frå den dagen då kista kom til Kirjat-Jearim, leid det lang tid: tjuge år. Og heile Israels-ætti sukka etter Herren.
3
Då tala Samuel til heile Israels-ætti: «Vil de venda um til Herren av heile dykkar hug, so skil dykk med dei framande gudarne og Astarte-bilæti! vend hugen dykkar til Herren, og ten einast honom, so skal han fria dykk frå filistarmagti;»
4
Då skilde Israels-borni seg bilæti av Ba’al og Astarte og tente einast Herren.
5
Samuel sagde: «Stemne heile Israel i Mispa, so vil eg beda for dykk til Herren!»
6
Då samla dei seg saman i Mispa, henta vatn og dei auste ut for Herren, og dei fasta heile den dagen og sagde: «Me hev synda mot Herren.» So heldt Samuel dom i Mispa og skilde trættor millom Israels-borni.
7
Då filistarane frette at Israels-borni hadde samla seg i Mispa, drog filistarfyrstarne dit upp mot Israel. Då Israel høyrde gjete det, vart dei rædde for filistarane.
8
Og Israels-borni sagde til Samuel: «Haldt ved i eino og ropa til Herren, vår Gud, at han må frelsa oss ut or filistarmagti!»
9
Då tok Samuel eit soglamb og ofra det til eit brennoffer, eit heiloffer for Herren. Og Samuel ropa til Herren for Israel. Og Herren høyrde bøni hans.
10
Medan Samuel ofra brennofferet, drog filistarane fram til strid mot Israel. Men Herren dundra med eit veldugt torever yver filistarane den dagen og fjetra deim, so dei vart slegne av Israel.
11
Israels mannskap drog ut frå Mispa og forfylgde filistarane og hogg deim ned på flugti, alt til dei kom nedanfor Bet-Kar.
12
Då tok Samuel ein stein og sette millom Mispa og Sen, og kalla honom Eben-Ezer og sagde: «Til no hev Herren hjelpt oss.»
13
Soleis laut filistarane bøygja seg, og kom ikkje meir innanfor landskilet åt Israel. Og Herrens hand var mot filistarane so lenge Samuel livde.
14
Dei byarne som filistarane hadde teke frå Israel, fekk Israel att, frå Ekron til Gat; og kverven derikring tok Israel ogso att frå filistarane. Og millom Israel og amoritarne vart det fred.
15
Samuel var domar i Israel so lenge han livde.
16
Kvart år ferdast han rundt til Betel, Gilgal og Mispa; og han skilde trættor i Israel på alle desse staderne.
17
So for han heim att til Rama; for der åtte han heime, og der skilde han elles trættorne millom israelitarne. Og der bygde han eit altar for Herren.
← Chapter 6
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 8 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31