bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1921 (Studentmållagsbibelen) (SMB)
/
2 John 1
2 John 1
Norwegian 1921 (Studentmållagsbibelen) (SMB)
Jump to:
Chapter 1
1
Den eldste til den utvalde fru og borni hennar, som eg elskar i sanning, og ikkje berre eg, men alle dei med som hev lært å kjenna sanningi,
2
for den sanning skuld som vert verande i oss og skal vera med oss til æveleg tid:
3
Nåde, miskunn, fred skal vera med oss frå Gud Fader og frå Jesus Kristus, Faderens son, i sanning og kjærleik!
4
Eg hev gledt meg storleg yver at eg hev funne nokre av borni dine som ferdast i sanning, so som me fekk bod av Faderen.
5
Og no bed eg deg, fru, ikkje som um eg skreiv deg eit nytt bod, men det som me hadde frå upphavet: at me skal elska kvarandre.
6
Og dette er kjærleiken, at me ferdast etter hans bod. Dette er bodet, so som de høyrde det frå upphavet, at de skal ferdast etter det.
7
For mange forførarar hev gjenge ut i verdi, som ikkje sannar at Jesus er Kristus komen i kjøt. Dette er forføraren og Antikrist.
8
Vara dykk at de ikkje skal missa det de hev arbeidt dykk til, men må få full løn!
9
Den som gjeng på avveg og ikkje held ved i Kristi læra, han hev ikkje Gud; den som held ved i læra, han hev både Faderen og Sonen.
10
Dersom det kjem nokon til dykk og ikkje fører denne læra, so tak honom ikkje inn i huset, og bjod honom ikkje velkomen!
11
For den som byd honom velkomen, vert medskuldig med honom i hans vonde verk.
12
Endå eg hev mykje å skriva til dykk, vil eg ikkje gjera det med papir og blekk; men eg vonar å koma til dykk og tala munnleg med dykk, so vår gleda kann verta fullkomi.
13
Borni til di utvalde syster helsar deg.
Jump to:
Chapter 1
All chapters:
1