bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1921 (Studentmållagsbibelen) (SMB)
/
Deuteronomy 26
Deuteronomy 26
Norwegian 1921 (Studentmållagsbibelen) (SMB)
← Chapter 25
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 27 →
1
Når du er komen til det landet som Herren, din Gud, gjev deg til odel og eiga, og hev lagt det under deg og fest bu der,
2
då skal du taka noko av fyrstegrøda av alt som du avlar på der i landet, og leggja i ei korg, og fara til den staden Herren, din Gud, hev valt seg til bustad.
3
Der skal du ganga fram for den presten som då er, og segja til honom: «Eg vitnar i dag framfor Herren, din Gud, at eg er komen til det landet han lova federne våre å gjeva oss.»
4
Og presten skal taka imot korgi, og setja henne ned framfor altaret åt Herren, din Gud.
5
So skal du taka soleis til ords for Herrens åsyn: «Ættefar min var ein heimlaus aramæar; han for ned til Egyptarland, og heldt til der med ein liten flokk, der vart han til eit stort og sterkt og fjølment folk.
6
Men egyptarane for ille med oss, og plåga oss, og lagde tungt arbeid på oss.
7
Då ropa me til Herren, vår fedregud, og Herren høyrde oss og såg møda og naudi og plåga vår.
8
Og Herren henta oss ut or Egyptarland med sterk hand og strak arm, og med store og øgjelege under og teikn,
9
og han førde oss hit, og gav oss dette landet, eit land som fløymer med mjølk og honning.
10
Og sjå no kjem eg med fyrstegrøda av den jordi du hev gjeve meg, Herre!» So skal du leggja det ned for Herrens åsyn, og kasta deg på kne for Herren, din Gud;
11
og du skal gleda deg i alt det gode Herren, din Gud, hev gjeve deg og huset ditt, både du og levitarne og dei framande som bur millom dykk.
12
Når du i det tridje året, tiendåret, hev reidt ut heile tiendi av avlingi di, og gjeve levitarne og dei framande og dei farlause og enkjorne som bur millom dykk, so dei hev fenge sitt nøgje,
13
då skal du tala so framfor Herren, din Gud: «No hev eg bore det heilage ut or huset, og gjeve det til levitarne og dei framande, dei farlause og enkjorne, heiltupp soleis som du hev sagt meg fyre; eg hev ikkje brote noko av bodi dine, og ikkje gløymt noko av deim.
14
Ikkje hev eg ete noko av tiendi medan eg hadde sorg, og ikkje bore burt noko, medan eg var urein, og ikkje sendt noko til eit gravøl. Eg hev vore lydug mot Herren, min Gud, og i alle måtar gjort soleis som du sagde med meg.
15
Sjå ned frå den heilage bustaden din i himmelen, og signa Israel, folket ditt, og det landet du hev gjeve oss, soleis som du lova federne våre, det landet som fløymer med mjølk og honning.»
16
«I dag segjer Herren deg det at du skal halda desse bodi og loverne. So legg deim då på minne, og liv etter deim med heile ditt hjarta og heile din hug.
17
Av Herren hev du i dag teke imot den lovnaden at han vil vera din Gud; so vil du ganga på hans vegar, og halda fyresegnerne og bodi og loverne hans og vera honom lydug.
18
Og Herren hev i dag teke imot den lovnaden av deg at du vil vera hans eige folk, soleis som han hev sagt deg; og halda alle bodi hans,
19
og då vil han gjera deg til det høgste av alle folk han hev skapt, til æra og gjetord og pryd, og du skal vera eit heilagt folk, vigt til Herren, din Gud, soleis som han hev sagt.»
← Chapter 25
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 27 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
Recommended Reading
Commentary
Deuteronomy Commentaries
→
Devotional
Deuteronomy Devotional Guide
→
Get This Bible
SMB Study Bible
→