bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1921 (Studentmållagsbibelen) (SMB)
/
Genesis 38
Genesis 38
Norwegian 1921 (Studentmållagsbibelen) (SMB)
← Chapter 37
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 39 →
1
I same tidi bar det so til at Juda for nedyver frå brørne sine, og gav seg til hjå ein mann i Adullam som heitte Hira.
2
Der såg Juda dotter åt ein kananitisk mann som heitte Sua, og han tok henne til kona, og budde i hop med henne.
3
Og ho vart med barn, og åtte ein son; honom kalla han Er.
4
So vart ho med barn ein gong til, og åtte ein son, og ho kalla honom Onan.
5
Sidan åtte ho endå ein son, og kalla honom Sela; då ho fekk honom, var Juda i Kezib.
6
Og Juda feste ei kone åt Er, eldste son sin; ho heitte Tamar.
7
Men Herren tykte ille um Er, eldste son åt Juda, og Herren laga det so at han døydde.
8
Då sagde Juda med Onan: «Tak brorkona di heim til deg, og gift deg med henne, so du held uppe ætti åt bror din!»
9
Men Onan visste at borni ikkje skulde vera hans; og når han låg med enkja etter bror sin, let han det spillast på jordi, so han ikkje skulde gjeva bror sin avkjøme.
10
Og Herren tykte ille um det han gjorde, og laga det so at han og døydde.
11
Då sagde Juda til Tamar, sonekona si: «No lyt du sitja enkja i huset åt far din, til Sela, son min, er vaksen!» For han tenkte: «Elles kjem han og til å døy, som brørne hans.» So for Tamar heim att, og budde hjå far sin.
12
Då det leid frametter ei tid, døydde dotter åt Sua, kona hans Juda. Og då syrgjetidi var ute, gjekk Juda upp til Timna, til deim som klypte sauerne hans, både han og venen hans, Hira frå Adullam.
13
Og Tamar fekk spurt det; for det kom ein og sagde med henne: «Sjå, verfar din er på veg upp til Timna og vil klyppa sauerne sine.»
14
Då lagde ho av seg enkjebunaden sin, og kasta på seg ei kåpa og sveipte henne vel kring seg, og so sette ho seg frammed ledet utfor Enajim, på vegen til Timna. For ho såg at Sela var vaksen, og at ho ikkje fekk honom.
15
Då Juda såg henne, tenkte han det var ei skjøkja, av di ho heldt kåpa attfor andlitet.
16
So tok han av vegen, og gjekk innåt henne og sagde: «Kom og lat meg få liggja med deg!» For han visste ikkje at det var sonekona hans. Då sagde ho: «Kva gjev du meg, er so du fær liggja med meg?»
17
«Eg skal senda deg eit kid av buskapen min,» sagde han. «Gjev meg so noko i vissa då, til du sender meg det!» sagde ho.
18
«Kva vissa skal eg gjeva deg?» sagde han. «Seglringen din og lekkjet ditt og staven som du hev i handi,» sagde ho. Det gav han henne, og so fekk han liggja med henne, og ho vart fremmeleg med honom.
19
Og ho stod upp og gjekk sin veg, og lagde av seg kåpa og hadde på seg enkjebunaden sin.
20
Og Juda sende kidet med venen sin, han frå Adullam, og bad honom få att vissa av kvinna; men han fann henne ikkje.
21
Og han spurde folki i grendi hennar og sagde: «Kvar er skjøkja, ho i Enajim, frammed vegen?» Men dei sagde: «Det hev ikkje vore nokor skjøkje her.»
22
So kom han attende til Juda og sagde: «Eg fann henne ikkje, og folki der i grendi sagde endå det: «Det hev ikkje vore nokor skjøkja her.»»
23
Då sagde Juda: «Lat henne hava det, so me ikkje fær skam av dette! Kidet veit du no eg hev sendt, men du fann henne ikkje.»
24
So var det på lag tri månader etter, då kom dei og sagde med Juda: «Tamar, sonekona di, hev lagt seg burt, so ho jamvel hev vorte med barn.» Då sagde Juda: «Leid henne ut! Ho skal brennast.»
25
Då dei so leide henne ut, sende ho bod til verfar sin og sagde: «Det er med den mannen som eig dette, at eg hev vorte med barn. Du skulde vel ikkje vita kven som eig denne seglringen og lekki og staven?» sagde ho.
26
Og Juda kjendest med det, og sagde: «Ho er i sin gode rett imot meg; for eg let henne ikkje få Sela, son min.» Og han låg ikkje med henne meir.
27
Då det so leid til at ho skulde eiga barn, sjå, då var det tvillingar i livet hennar.
28
Og i det same ho fødde, rette den eine handi fram. Då tok ljosmori og batt ein raud tråd kring handi hans, og sagde: «Denne kom fyrst.»
29
Men so drog han handi attende, og då kom bror hans fram! Då sagde ho: «Korleis er det du bryt deg fram!» Og dei kalla honom Peres.
30
So kom bror hans, han som hadde den raude tråden kring handi. Honom kalla dei Zerah.
← Chapter 37
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 39 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50