bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1921 (Studentmållagsbibelen) (SMB)
/
Hosea 4
Hosea 4
Norwegian 1921 (Studentmållagsbibelen) (SMB)
← Chapter 3
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 5 →
1
Høyr Herrens ord, de Israels-born! For Herren hev sak med deim som bur i landet, av di det ingen truskap finst i landet, og ingen kjærleik og ingen kjennskap til Gud.
2
Dei sver og lyg, dei drep og stel og driv hor. Dei fer med vald, og blodverk fylgjer på blodverk.
3
Difor ligg landet i sorg, og alt som bur i det, sjuknar burt, både dyri på marki og fuglarne under himmelen. Jamvel fiskarne i havet set til.
4
Like vel skal ingen skjella og ingen refsa; for folket ditt er liksom dei som trettar med ein prest.
5
Ja, du skal falla um dagen, og profeten skal falla med deg um natti, og mor di tynar eg.
6
Det er ute med folket mitt, av di det vantar kunnskap. Etter di du hev vanda kunnskap, so skal eg og vanda deg, so du ikkje vert min prest. Og etter di hev gløymt lovi åt din Gud, so skal eg og gløyma borni dine.
7
Di fleire dei vart, di meir synda dei mot meg. Men deira heider skal eg snu um til vanheider.
8
Av mitt folks synd nærer dei seg, og til misgjerningi deira stend deira hug.
9
Men no skal det ganga med presten som folket. Eg skal straffa deim for deira ferd, og gjeva deim att for deira gjerd.
10
Og eta skal dei og ikkje mettast, hora og ikkje meirast, av di dei hev slutta med å agta på Herren.
11
Horeliv og vin og mjød tek vitet burt.
12
Folket mitt spør stokken sin til råds, og hentar seg rettleiding av sin stav. For ei hordoms ånd hev villa deim, so dei med hor dreg seg burt ifrå sin Gud.
13
Øvst uppå åsarne ofrar dei, og på kollarne brenner dei røykjelse, under eik og poppel og terebinta, av di skuggen der er god. So vert døtterne dykkar skjøkjor og sonekonorne dykkar horkonor.
14
Likevel refsar eg ikkje døtterne dykkar for at dei er skjøkjor eller sonekonorne dykkar for at dei er horkonor. For mennerne sjølve løyner seg av med horkonor og ofrar med tempelskjøkjor. Soleis fer eit fåvitugt folk til sin undergang.
15
Um no du Israel vil halda på med ditt horeliv, so må då ikkje Juda skuldbinda seg soleis. Kom då ikkje til Gilgal, og far ikkje upp til Bet-Aven, og sver ikkje: «So sant som Herren liver.»
16
Um Israel stritar imot som ei balstyri ku, so skal Herren på hyrdingvis no føra deim som lamb på vidåtta.
17
Bunden til avgudsbilæte er Efraim. So fær han då fara!
18
Drikkinga deira er måtelaus. Hegdelaust driv dei sitt horeliv. Skjoldarne hennar elskar det som skamlegt er.
19
Med eit stormver skal gripa deim med vengjerne sine, og dei skal verta til skammar med ofringarne sine.
← Chapter 3
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 5 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14