bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1921 (Studentmållagsbibelen) (SMB)
/
Jeremiah 35
Jeremiah 35
Norwegian 1921 (Studentmållagsbibelen) (SMB)
← Chapter 34
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 36 →
1
Det ordet som kom til Jeremia frå Herren i Jojakim Josiasons, Juda-kongens, dagar; han sagde:
2
Gakk til Rekabs-ætti og tala til deim og kom med deim til Herrens hus, inn i ein av kovarne, og gjev deim vin å drikka!
3
Då tok eg Ja’azanja, son åt Jeremia Habassinjason, og brørne hans og alle sønerne hans og all Rekabs-ætti
4
og hadde deim med til Herrens hus, inn i koven åt sønerne til gudsmannen Hanan Jigdaljason, den som låg jamsides med hovdingkoven, uppe yver koven åt dørstokkvaktaren Ma’aseja Sallumsson.
5
Og eg sette fram for sønerne til Rekabs-ætti skåler, fulle av vin, og staup. So sagde eg med deim: «Drikk vin!»
6
Men dei sagde: «Me drikk ikkje vin, for Jonadab Rekabsson, ættfaren vår, hev bode oss og sagt: «De skal ikkje i all æva drikka vin, korkje de eller borni dykkar.
7
De skal ikkje heller byggja hus og ikkje så sæde og ikkje planta vinhage eller eiga noko slikt, men i tjeldbuder skal de bu alle dykkar dagar, so de må liva lenge i det landet der de bur som utlendingar.»
8
Og me lydde påbodet frå vår ættfar, Jonadab Rekabsson, i alt det han bad oss um, so me aldri drikk vin, korkje me sjølve, konorne våre, sønerne våre eller døtterne våre,
9
og byggjer oss ikkje hus til å bu i og hev oss ikkje vinhagar eller åkrar eller utsæde,
10
men me hev butt i tjeldbuder, so me hev lydt og gjort alt det som vår ættfar, Jonadab, baud oss um.
11
Men då Nebukadressar, Babel-kongen, kom farande upp i landet, då sagde me: «Kom, lat oss fara til Jerusalem undan kaldæarheren og undan syrarheren!» So sette me då bu i Jerusalem.»
12
Då kom Herrens ord til Jeremia; han sagde:
13
So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Gakk og seg til Juda-mennerne og Jerusalems-buarne: Vil de ikkje taka age so de lyder mine ord? segjer Herren.
14
Ordi hans Jonadab Rekabsson er haldne, han baud sønerne sine at dei ikkje skulde drikka vin, og dei hev ikkje drukke vin alt til denne dag, men lydt påbodet frå ættfar sin. Og eg hev tala til dykk jamt og samt, men de hev ikkje lydt meg.
15
Og jamt og samt hev eg sendt til dykk alle mine tenarar, profetarne, og sagt: «Vend um, kvar frå sin vonde veg, og lat verki dykkar betrast, og ferdast ikkje etter andre gudar til å tena deim! då skal de få bu i dette landet som eg hev gjeve dykk og federne dykkar.» Men de lagde ikkje øyra til og lydde ikkje på meg.
16
Ja, Jonadab Rekabssons born hev halde det bodet som ættfaren deira gav deim, men dette folket hev ikkje lydt meg.
17
Difor, so segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Sjå, eg let koma yver Juda og yver alle som bur i Jerusalem, all den ulukka som eg hev truga dei med, av di at dei ikkje høyrde når eg tala til deim, og ikkje svara når eg kalla på deim.
18
Men til Rekabs-ætti sagde Jeremia: So segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Av di at de hev lydt påbodet frå Jonadab, ættfaren dykkar, og halde alle bodi hans og gjort stødt som han baud dykk,
19
difor, so segjer Herren, allhers drott, Israels Gud: Jonadab Rekabssons skal aldri vanta ein mann som kann standa framfor mi åsyn.
← Chapter 34
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 37
Chapter 38
Chapter 39
Chapter 40
Chapter 41
Chapter 42
Chapter 43
Chapter 44
Chapter 45
Chapter 46
Chapter 47
Chapter 48
Chapter 49
Chapter 50
Chapter 51
Chapter 52
Chapter 36 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36
37
38
39
40
41
42
43
44
45
46
47
48
49
50
51
52