bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1921 (Studentmållagsbibelen) (SMB)
/
Numbers 12
Numbers 12
Norwegian 1921 (Studentmållagsbibelen) (SMB)
← Chapter 11
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 13 →
1
Mirjam, og Aron med, tala ille um Moses for den ætiopkvinna skuld, som han hadde teke til kona - for han hadde gift seg med ei ætiopisk kvinna -
2
og dei sagde: «Er det då berre Moses Herren hev tala med? Hev han ikkje tala med oss og?» Og Herren høyrde det.
3
No var Moses ein mild og tolug mann, mildare enn alle menneskje på jordi.
4
Men Herren sagde brått til Moses og til Aron og til Mirjam: «Gakk ut til møtetjeldet alle tri!» So gjekk dei dit alle tri.
5
Og Herren for ned i ein skystopul, og stod i tjelddøri og ropa: «Aron og Mirjam!» Då gjekk dei ut båe tvo.
6
Og han sagde: «Lyd no etter ordi mine: Er det ein profet millom dykk, so ter eg, Herren, meg for honom i syner, og talar med honom i draumar.
7
Men so er det ikkje med Moses, tenaren min; honom lit eg so på, at eg hev sett honom yver heile mitt hus.
8
Munn til munn talar eg med honom, klårt og ikkje i gåtor, og han fær sjå Herren i rette hamen hans skapnad. Korleis kunde de då våga å tala ille um Moses, min tenar?»
9
Og Herrens vreide loga upp imot dei, og han for burt.
10
Då skyi hadde kvorve burt frå tjeldet, då var Mirjam spillsjuk, og kvit som snø; med same Aron snudde seg mot henne, såg han at ho var spillsjuk.
11
Då sagde han til Moses: «Gode herre bror! Lat oss ikkje lida for mykje for syndi og dårskapen vår!
12
Lat henne ikkje verta som eit daudt foster, som er halvrote når det kjem ut or morslivet!»
13
Då ropa Moses til Herren og sagde: «Å kjære, kjære Gud, gjer henne god att!»
14
Og Herren sagde til Moses: «Hadde far hennar sputta henne i andlitet, laut ho då ikkje sitja med skam i sju dagar? No skal dei stengja henne ute frå lægret i sju dagar, so kann dei taka henne inn att!»
15
So stengde dei Mirjam ute frå lægret i sju dagar, og folket tok ikkje av stad, fyrr dei hadde teke henne inn att.
16
Sidan tok folket ut frå Haserot, og slo læger i Paranheidi.
← Chapter 11
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 13 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36