bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1921 (Studentmållagsbibelen) (SMB)
/
Romans 12
Romans 12
Norwegian 1921 (Studentmållagsbibelen) (SMB)
← Chapter 11
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 13 →
1
So legg eg dykk då på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bjoda fram likamarne dykkar til eit offer som er livande og heilagt og hugnadlegt for Gud - det er dykkar åndelege gudstenesta -
2
og skikka dykk ikkje likt med denne verdi, men umlagast med uppatnying av hugen dykkar, so de kann prøva kva som er Guds vilje: det gode og hugnadlege og fullkomne.
3
For ved den nåde som eg hev fenge, segjer eg til kvar og ein millom dykk, at han ikkje skal tenkja høgre um seg enn han bør tenkja, men tenkja visleg, alt etter som Gud hev tiletla kvar sitt mål av tru.
4
For liksom me hev mange lemer på ein likam, men ikkje alle lemerne hev den same gjerning,
5
soleis er me mange ein likam i Kristus, men kvar for seg er me kvarannans lemer.
6
Og sidan me hev ulike nådegåvor alt etter den nåde som me hev fenge, so lat oss, um me hev profetgåva, bruka henne etter som me hev tru til,
7
eller um me hev ei tenesta, taka vare på tenesta, eller um ein er lærar, på lærdomen,
8
eller um ein skal påminna, på påminningi; den som etlar ut, gjere det i god tru; den som er styrar, vere det med ihuge; den som gjer miskunn, gjere det med gleda!
9
Lat kjærleiken utan fals; styggjest ved det vonde, haldt fast ved det gode!
10
Ver varmhjarta mot kvarandre i broderkjærleik; kappast um å visa kvarandre vyrdnad!
11
Ver ikkje lunka i dykkar ihuge; ver brennande i åndi; ten Herren!
12
Ver glade i voni, toluge i trengsla, trottuge i bøni!
13
Syn samhug med dei heilage i deira trong, legg vinn på gjestmildskap!
14
Velsigna deim som forfylgjer dykk; velsigna, og banna ikkje!
15
Gled dykk med dei glade og gråt med dei gråtande!
16
Ver samlyndte med kvarandre; trå ikkje etter det høge; men haldt dykk gjerne til det låge; ver ikkje sjølvkloke!
17
Gjev ikkje nokon att vondt for vondt; legg vinn på det som godt er, for alle manns åsyn!
18
So framt det er mogelegt, so haldt de på dykkar sida fred med alle menneskje!
19
Hemn dykk ikkje sjølve, mine kjære, men gjev vreiden umrøme! For det stend skrive: «Meg høyrer hemnen til, eg skal gjeva attgjeld, segjer Herren.»
20
Um då fienden din er hungrig, so gjev honom mat; er han tyrst, so gjev honom drikka! for når du gjer det, sankar du gloande kol på hovudet hans.
21
Lat ikkje det vonde vinna yver deg, men vinn du yver det vonde med det gode!
← Chapter 11
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 13 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16