bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1921 (Studentmållagsbibelen) (SMB)
/
Zechariah 4
Zechariah 4
Norwegian 1921 (Studentmållagsbibelen) (SMB)
← Chapter 3
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 5 →
1
Sidan kom engelen som tala med meg, og vekte meg att liksom ein mann vert vekt or svevnen,
2
og han sagde til meg: «Kva ser du?» Eg svara: «Eg ser ein ljosestake som er heilt av gull, med oljeskåli si på toppen og sine sju lampor, og med sju røyrer som gjeng til lamporne der ovantil,
3
og tvo oljetre stend attved, eitt på høgre sida av oljeskåli og eitt på vinstre sida.»
4
Og eg tok til ords og spurde engelen som tala med meg: «Kva skal desse ting tyda, herre?»
5
Engelen som tala med meg, svara og sagde til meg: «Skynar du ikkje kva dette tyder?» Eg svara: «Nei, herre?»
6
Då tok han til ords og sagde til meg: «Dette er Herrens ord til Zerubbabel: Ikkje med magt og ikkje med kraft, men med min ande, segjer Herren, allhers drott.
7
Kven er du, du store fjell som reiser deg mot Zerubbabel? Jamna deg ut til ei sletta! Han skal føra fram toppsteinen medan dei ropar: «Nåde, nåde vere med honom!»»
8
Og Herrens ord kom til meg soleis:
9
Zerubbabels hender hev tufta dette huset; hans hender skal ogso fullenda det, og du skal få kjenna at Herren, allhers drott, hev sendt meg til dykk.
10
For kven vil vanvyrda dagen som tok til i det små, når desse sju med gleda ser blyloddet i Zerubbabels hand, desse Herrens augo som fer ikring yver heile jordi?
11
Då tok eg til ords og sagde til honom: «Kva skal dei tyda desse tvo oljetrei på høgre og vinstre sida av ljosestaken?»
12
Og eg tok atter til ords og spurde honom: «Kva skal dei tyda desse tvo oljegreinerne tett attved dei tvo gullrøyrerne som det renn gull ned ifrå?»
13
Då sagde han til meg: «Kva? Veit du ikkje kva desse skal tyda?» Eg svara: «Nei, herre.»
14
Då sagde han: «Det er dei tvo olje-sønerne som stend hjå herren yver all jordi.»
← Chapter 3
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 5 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14