bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
1 Peter 5
1 Peter 5
Norwegian 1938
← Chapter 4
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
1
Dei eldste millom dykk legg eg på hjarta, eg som sjølv er med-eldste og vitne um Kristi lidingar, som eg hev lut i den herlegdomen som skal openberrast:
2
Gjet den Guds hjord som er hjå dykk, og hav tilsyn med henne, ikkje av tvang, men sjølvmint, ikkje for ei skamleg vinning, men med viljugt hjarta,
3
ikkje heller so at de vil vera herrar yver kyrkjelydane, men so at de vert fyredøme for hjordi;
4
og når yverhyrdingen openberrast, då skal de få den uvisnelege ærekransen.
5
Like ein skal de yngre vera dei eldre undergjevne, og alle skal de iklæda dykk audmykt mot kvarandre; for Gud stend dei stolte imot, men dei audmjuke gjev han nåde.
6
So audmyk dykk då under Guds veldige hand, so han kann upphøgja dykk i si tid!
7
Kast all dykkar sut på han; for han hev umsut for dykk!
8
Ver edrue, vak! Dykkar motstandar djevelen gjeng ikring som ei burande løva og søkjer kven han kann gløypa;
9
Statt han imot, trauste i trui, sidan de veit at de same lidingar er lagde på brørne dykkar i verdi!
10
Men all nådes Gud, som kalla dykk til sin ævelege herlegdom i Kristus Jesus, etter ei stuttvarig liding, han skal gjera dykk full-dugande, stadfesta, styrkja, grunnfesta dykk.
11
Honom høyrer makti til i all æva. Amen.
12
Med Silvanus, den trufaste broren - det meiner eg at han er - hev eg skrivi stutt til dykk for å påminna og vitna at dette er Guds sanne nåde som de stend i.
13
Den medutvalde kyrkjelyden i Babylon helsar dykk, like eins Markus, son min.
14
Helsa kvarandre med eit kjærleiks kyss! Fred vere med alle dykk som er i Kristus!
← Chapter 4
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
All chapters:
1
2
3
4
5