bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
1 Thessalonians 1
1 Thessalonians 1
Norwegian 1938
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 2 →
1
Paulus og Silvanus og Timoteus - til kyrkjelyden åt tessalonikarane i Gud Fader og Herren Jesus Kristus: Nåde vere med dykk og fred!
2
Me takkar alltid Gud for dykk alle når me kjem dykk i hug i bønene våre,
3
med di me uavlatande minnest dykkar verksemd i trui og arbeid i kjærleiken og tolmod i voni på vår Herre Jesus Kristus for vår Gud og Faders åsyn;
4
for me er visse på at de er utvalde, brør, de som er elska av Gud.
5
For vårt evangelium kom ikkje til dykk berre i ord, men og i kraft og i den Heilage Ande og i stor fullvissa, liksom de veit korleis me var millom dykk for dykkar skuld;
6
og de vart våre etterfylgjarar, ja Herrens, med di de tok imot ordet i myki trengsla med gleda i den Heilage Ande,
7
so de vart eit fyredøme for alle dei truande i Makedonia og Akaia.
8
For ifrå dykk hev Herrens ord ljoda ut; ikkje berre i Makedonia og Akaia, men alle stader er dykkar tru på Gud komi ut, so me ikkje treng tala noko um det;
9
for dei fortel sjølve um oss kva inngang me fann hjå dykk, og korleis de vende dykk til Gud frå avgudane, til å tena den levande og sanne Gud
10
og venta på Son hans frå himmelen, han som han vekte upp frå dei daude, Jesus, som frelsar oss frå den komande vreiden
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 2 →
All chapters:
1
2
3
4
5