bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
2 Kings 11
2 Kings 11
Norwegian 1938
← Chapter 10
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 12 →
1
Då Atalja, mor åt Akasja, fekk vita at sonen hennar var avliden, tok ho seg fyre å øyda heile kongeætti.
2
Men Joseba, dotter åt kong Joram og syster åt Akasja, tok i dulsmål Joas, son åt Akasja, burt or kongssone-flokken som skulde drepast, og hadde han inn i sengebui - både han og sogmori hans. Soleis fekk dei løynt han for Atalja, so han ikkje vart drepen.
3
Sidan gøymde ho han hjå seg i Herrens hus i seks år, medan Atalja rådde i landet.
4
Men det sjuande året sende Jojada bod etter Hovdingane for livvakti. Han bad dei koma inn til seg i Herrens hus og gjorde ei pakt med dei og tok dei i eid der i Herrens hus. So synte han dei kongssonen
5
og gav dei fyresegner og sa: Høyr no kva de skal gjera: På sabbaten skal ein tridjepart av dykk koma og halda vakt i kongsgarden,
6
Den andre tridjeparten i Surporten og den tridje i porten attanfor drabantane; soleis skal de halda vakt ved huset og stengja det av.
7
Men dei tvo flokkane av dykk som vert avløyste på sabbaten, dei skal taka vakthaldet i Herrens hus hjå kongen.
8
De skal fylkja dykk rundt ikring kongen, kvar mann med våpen i hand, og vil nokon trengja seg inn i rekkjone, skal han drepast; de skal fylgja kongen både når han gjeng ut, og når han gjeng inn.
9
Hovdingane gjorde i eitt og alt som Jojada, presten, hadde sagt dei fyre. Kvar av dei tok folki sine med seg, både dei som skulde stiga på vakt på sabbaten, og dei som skulde ganga i frå på sabbaten, og kom til Jojada, presten.
10
Presten let hovdingane få spjoti og skjoldane åt kong David - dei låg i Herrens hus -
11
og drabantane stelte seg upp, kvar mann med våpen i hand, frå høgre sida av huset til vinstre sida burtimot altaret og burtimot huset rundt ikring kongen.
12
So leidde han kongssonen ut og sette på han kruna og gav han vitnemålet, og dei kåra han til konge og salva han, og dei klappa i hendene og ropa: Leve kongen!
13
Då Atalja høyrde ropet frå drabantane og folket, gjekk ho dit dei var - inn i Herrens hus.
14
Der fekk ho sjå at kongen stod på den høge tramen, som skikken var, og hovdingane og lurblåsarane stod innmed han, og ho høyrde korleis heile landslyden jubla og bles i lurane. Då reiv ho sund klædi sine og ropa: Uppreist, uppreist!
15
Men Jojada, presten, sa til hovdingane som hadde rådvelde yver herfolket: Leid henne ut millom rekkjone, og fylgjer nokon etter henne, so hogg han ned! For presten hadde sagt: Ho må ikkje drepast i Herrens hus!
16
So gjekk dei til sides for henne til båe sidor, og ho gjekk fram etter den vegen som hestane plar køyra inn i kongsgarden; der let ho livet.
17
Sidan gjorde Jojada ei pakt millom Herren og kongen og folket at dei skulde vera Herrens folk; millom kongen og folket gjorde han og ei pakt.
18
Og heile landslyden gjekk inn i templet åt Ba'al og reiv det ned. Altari hans og bileti hans slo dei reint i knas, og Mattan, presten åt Ba'al, drap dei framanfor altari. Og presten sette folk til å hava tilsyn med Herrens hus.
19
So tok han med seg hovdingane og livvakti og drabantane og heile landslyden, og dei førde kongen ned frå Herrens hus og gjekk inn i kongsgarden igjenom drabantporten, og han sette seg på kongsstolen.
20
Heile landslyden gledde seg, og byen var roleg. Men Atalja hadde dei hogge i hel i kongsgarden.
21
Joas var sju år då han vart konge.
← Chapter 10
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 12 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25