bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
James 4
James 4
Norwegian 1938
← Chapter 3
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 5 →
1
Kvar kjem all ufreden ifrå, og kvar kjem all striden ifrå millom dykk? Er det ikkje av lystene dykkar, som strider i lemene dykkar?
2
De lyster, og hev ikkje; de slær i hel og ovundast, og kann ikkje få; de ligg i strid og ufred. De hev ikkje, av di de ikkje bed;
3
de bed og fær ikkje, av di de bed ille, so de kann øyda det upp i lystene dykkar.
4
De utrugne! veit de ikkje at venskap med verdi er fiendskap mot Gud? Den som då vil vera ven med verdi, han vert Guds fiende.
5
Eller trur de at Skrifti talar fåfengt? Med brennhug trår han etter den åndi som han hev late bu i oss, men di større er den nåden som han gjev.
6
Difor heiter det: Gud stend dei stolte imot, men dei audmjuke gjev han nåde.
7
Ver difor Gud undergjevne! Men statt djevelen imot, so skal han fly frå dykk!
8
Haldt dykk nær til Gud, so skal han halda seg nær til dykk! Två hendene, de syndarar, og reinsa hjarto, de tvihuga!
9
Kjenn dykkar naud og syrg og gråt! Lat låtten dykkar vendast til sorg, og gleda til trege!
10
Audmyk dykk for Herren, so han skal upphøgja dykk!
11
Baktala ikkje kvarandre, brør! Den som baktalar ein bror eller dømer bror sin, han baktalar lovi og dømer lovi; men dømer du lovi, so er du ikkje ein som gjer etter lovi, men hennar domar.
12
EIN er lovgjevaren og domaren, han som er mektig til å frelsa og til å tyna. Men du, kven er du som dømer næsten din?
13
Og no, de som segjer: I dag eller i morgon vil me fara til den byen og vera der eit år og handla og hava vinning,
14
de som ikkje veit kva som skal henda i morgon! For kva er livet dykkar? De er ein eim som er synleg ei liti stund og so kverv burt.
15
I staden for at de skulde segja: Um Herren vil, so kjem me til å leva, og so skal me gjera det eller det.
16
Men no rosar de dykk sjølve i dykkar storlæte. All slik ros er vond.
17
Den som då veit å gjera godt, men ikkje gjer det, han hev synd for det.
← Chapter 3
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 5 →
All chapters:
1
2
3
4
5
Recommended Reading
Commentary
James Commentaries
→
Devotional
James Devotional Guide
→
Get This Bible
Norwegian Study Bible
→