bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Jonah 2
Jonah 2
Norwegian 1938
← Chapter 1
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 3 →
1
Men Herren sende ein stor fisk, som gløypte Jonas; og Jonas var i buken åt fisken i tri dagar og tri næter.
2
Og Jonas bad til Herren sin Gud frå buken åt fisken
3
og sa: Eg kalla på Herren i mi naud, og han svara meg; frå helheims buk ropa eg, og du høyrde mi røyst.
4
Du kasta meg i djupet, midt i havet, og straumar kringsette meg; alle dine brot og bylgjor gjekk yver meg.
5
Eg tenkte då: Eg er støytt burt frå dine augo. Men eg skal atter skoda upp til ditt heilage tempel.
6
Vatni kringa seg um meg heilt alt til sjeli, djupet kringsette meg, tang sveipte seg um hovudet mitt;
7
radt til bergbotnane sokk eg ned, jordheims bommar stengdest etter meg for alltid. Men du førde mitt liv upp or gravi, Herre min Gud!
8
Då mi sjel ormektast i meg, kom eg Herren i hug, og mi bøn kom til deg i ditt heilage tempel.
9
Dei som held seg til tome avgudar, dei gjeng frå si miskunn.
10
Men med lovsongs tonar vil eg ofra til deg; det eg lova, vil eg halda. Hjå Herren er frelsa.
11
So baud Herren fisken, og han spydde Jonas upp på land.
← Chapter 1
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 3 →
All chapters:
1
2
3
4