bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Judges 12
Judges 12
Norwegian 1938
← Chapter 11
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 13 →
1
Efra'imitane baud ut mannskapet sitt og for nordetter, og dei sa til Jefta: Kvi sende du ikkje bod etter oss då du for av stad og vilde strida mot ammonitane? No vil me setja eld på huset du bur i.
2
Då sa Jefta til dei: Eg og folket mitt låg i ein hard strid med ammonitane; då ropa eg på dykk, men de hjelpte meg ikkje imot dei;
3
og då eg såg at de ikkje vilde hjelpa, våga eg livet og for imot ammonitane, og Herren gav dei i hendene mine. Kvi kjem de so no farande og vil slåst med meg?
4
So samla han alle Gileads-mennene og stridde mot Efra'im. Og Gileads-mennene hogg efra'imitane ned; for di dei hadde sagt: De er rømingar frå Efra'im! Gilead ligg midt i Efra'im, midt i Manasse.
5
Dei stengde vadi yver Jordan for efra'imitane, og kvar gong det kom ein efra'imit som hadde rømt ifrå slaget og vilde sleppa yver, spurde dei: Er du efra'imit? Han svara: Nei.
6
Då sa dei til han: Seg sjibbolet! Men han sa sibbolet; for han kunde ikkje segja det rett. So greip dei han og drap han innmed Jordanvadi. Den gongen fall det tvo og fyrti tusund mann av Efra'ims-ætti.
7
Jefta styrde Israel i seks år. So døydde Jefta frå Gilead og vart gravlagd i ein av Gileadsbyane.
8
Etter han var Ibsan frå Betlehem domar i Israel.
9
Han hadde tretti søner; tretti døtter gifte han burt, og tretti sonekonor henta han heim; han styrde Israel i sju år.
10
So døydde Ibsan og vart gravlagd i Betlehem.
11
Etter han var Elon av Sebulons-ætti domar i Israel. Han styrde Israel i ti år.
12
So døydde Elon av Sebulons-ætti og vart gravlagd i Ajalon i Sebulonslandet.
13
Etter han var Abdon Hillelsson frå Piraton domar i Israel.
14
Han hadde fyrti søner og tretti sonesøner. Dei reid på sytti asenfolar. Han styrde Israel i åtte år.
15
So døydde Abdon Hillelsson frå Piraton og vart gravlagd i Piraton i Efra'imsland, på Amaleksfjell.
← Chapter 11
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 13 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21