bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Romans 13
Romans 13
Norwegian 1938
← Chapter 12
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 14 →
1
Kvar mann vere lydig mot dei styremaktene han hev yver seg! For det finst ikkje styremakt utan av Gud, men dei som finst, dei hev Gud skipa,
2
so den som set seg imot styremakti, han stend imot Guds skipnad; men den som stend imot, skal få sin dom.
3
For dei som styrer, er ikkje til redsla for den gode gjerningi, men for den vonde. Vil du sleppa å reddast styremakti? Gjer det som godt er, so skal du få ros av henne;
4
for ho er Guds tenar, til gagn for deg. Men gjer du det som vondt er, so må du vel reddast; for ho ber ikkje sverdet for inkje - ho er Guds tenar, ein hemnar til refsing for den som gjer det som vondt er.
5
Difor er det naudsynleg å vera lydig, ikkje berre for refsingi skuld, men og for skuld samvitet.
6
Difor er det då og de legg skatt; for dei er Guds tenarar, som just syter for dette.
7
Gjev alle det de skyldar å gjeva dei: skatt til den som skatt kann krevja, toll til den som toll kann krevja, age til den som age kann krevja, æra til den som æra kann krevja.
8
Ver ingen noko skuldige, utan det å elska kvarandre! for den som elskar den andre, hev uppfyllt lovi.
9
For ordi: Du skal ikkje gjera hor, du skal ikkje drepa, du skal ikkje stela, du skal ikkje lysta, og kva det elles kann vera for bodord, dei samlar seg til eitt i dette ordet: Du skal elska næsten din som deg sjølv.
10
Kjærleiken gjer ikkje næsten noko vondt; difor er kjærleiken uppfylling av lovi.
11
Og dette lyt me gjera, sidan me kjenner tidi, at timen er komen då me lyt vakna or svevnen; for frelsa er oss næmare no enn då me vart truande.
12
Natti lid, og det stundar mot dag. So lat oss leggja av dei gjerningane som høyrer myrkret til, og hava på oss våpni åt ljoset!
13
Lat oss fara sømeleg fram, som um dagen, ikkje i svir og drykk, ikkje i lauslivnad og sedløysa, ikkje i kiv og ovund,
14
men klæd dykk i Herren Jesus Kristus, og hav ikkje slik umsut for kjøtet at det vekkjer lyster!
← Chapter 12
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 14 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16