bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
2 Chronicles 19
2 Chronicles 19
Norwegian N 78 NN
← Chapter 18
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 20 →
1
Josjafat, Juda-kongen, fór uskadd heim att til Jerusalem.
2
Då kom sjåaren Jehu, son til Hanani, ut mot han og sa: «Skal du hjelpa den gudlause og halda av dei som hatar Herren? For dette kviler Herrens vreide over deg.
3
Men noko godt finst det hjå deg. Du har rudt ut Asjera-pålane or landet og lagt vinn på å søkja Gud.»
4
Josjafat drygde no ei tid i Jerusalem. Men sidan fór han atter ikring mellom folket, frå Be’er-Sjeba til Efraims-fjella, og førte dei attende til Herren, deira fedrars Gud.
5
Han sette inn domarar i landet, i alle festningsbyane i Juda, by for by.
6
Og han sa til domarane: «Akta vel på kva de gjer! Det er ikkje for menneske de dømer, men for Herren. Og han er hjå dykk når de feller dom.
7
Så lat då otte for Herren vera over dykk! Ver varsame i all dykkar ferd! For hjå Herren vår Gud finst det ingen urett. Han gjer ikkje skil på folk og tek ikkje muter.»
8
I Jerusalem òg sette Josjafat nokre av levittane og prestane og nokre av Israels ættehovdingar til å ta seg av Herrens lov og til å døma i saker mellom folket i Jerusalem.
9
Han gav dei dette påbodet: «Så skal de gjera med age for Herren, i truskap og med heilt hjarta:
10
Kvar gong frendane dykkar, kva by dei så bur i, legg fram for dykk ei sak – anten det er ei drapssak, eller det gjeld spørsmål om lov og bod, føresegner og rettsreglar, då skal de åtvara dei, så dei ikkje syndar mot Herren, og hans vreide kjem over både dykk og frendane dykkar. Dette må de gjera; elles fører de skuld over dykk.
11
Øvstepresten Amarja skal ha leiinga i alle saker som høyrer inn under Herren, og Sebadja Ismaelsson, fyrsten for Juda-ætta, i alle saker som høyrer inn under kongen. Og levittane skal vera tilsynsmenn under dykk. Gå heilhuga til verket! Herren vere med den som gjer det som godt er!»
← Chapter 18
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 20 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36