bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
2 Samuel 8
2 Samuel 8
Norwegian N 78 NN
← Chapter 7
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 9 →
1
Sidan vann David over filistarane og tvinga dei under seg. Han tok herredømet frå dei.
2
David vann over moabittane òg. Så baud han dei leggja seg ned på jorda og mælte dei med ei snor. Han mælte ut to snorlengder med folk som skulle drepast, og ei full snorlengd med folk som skulle få leva. Då gav moabittane seg under David og laut svara skatt.
3
Like eins vann David over Hadadeser, son til Rehob, kongen i Soba, då han drog ut og ville vinna att herredømet over landet ved Eufrat.
4
David tok frå han eitt tusen sju hundre hestfolk og tjue tusen fotfolk. Han skar av hasane på alle vognhestane og sparte ikkje meir enn hundre.
5
Aramearane i Damaskus kom og ville hjelpa Hadadeser, kongen i Soba. Men David felte tjueto tusen av dei.
6
David la vaktmannskap i Damaskus-riket; aramearane gav seg under han og laut svara skatt. Såleis hjelpte Herren David kvar helst han fór fram.
7
David tok dei gullskjolda som mennene til Hadadeser hadde bore, og førte dei til Jerusalem.
8
Og frå Betak og Berotai, to byar som høyrde Hadadeser til, tok han ei stor mengd med kopar.
9
Då To’u, kongen i Hamat, fekk høyra at David hadde vunne over heile hæren til Hadadeser,
10
sende han Joram, son sin, til kong David. Han skulle helsa på David og ynskja han til lukke fordi han hadde vunne i striden med Hadadeser. For Hadadeser hadde støtt lege i ufred med To’u. Joram hadde med seg gåver av sølv, gull og kopar.
11
Dei òg vigsla kong David til Herren saman med det sølvet og gullet han hadde teke frå alle dei andre folka han hadde lagt under seg,
12
frå aramearane, moabittane, ammonittane, filistarane og amalekittane. Det same gjorde han med hærfanget frå Hadadeser, son til Rehob, kongen i Soba.
13
David vann seg eit stort namn. Då han var på heimveg etter sigeren over aramearane, slo han edomittane i Saltdalen; dei var atten tusen mann.
14
Han la vaktmannskap i Edom; i heile Edom la han vaktmannskap. Og alle edomittane gav seg under han. Såleis hjelpte Herren David kvar helst han fór fram.
15
Så rådde no David over heile Israel. Og han gjorde rett og rettferd mot heile folket sitt.
16
Joab, son til Seruja, var hærførar, og Josjafat, son til Akilud, var kanslar.
17
Sadok, son til Akitub, og Akimelek, son til Abjatar, var prestar og Seraja riksskrivar.
18
Benaja, son til Jojada, var hovding over livvakta, og sønene til David var prestar.
← Chapter 7
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 9 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24