bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Acts 6
Acts 6
Norwegian N 78 NN
← Chapter 5
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 7 →
1
På denne tid, då talet på læresveinar auka meir og meir, kom dei gresktalande jødane med klagemål mot dei som tala hebraisk, fordi enkjene deira vart sette til sides i den daglege utdelinga.
2
Dei tolv kalla då saman alle læresveinane og sa: «Det er ikkje rett at vi forsømer forkynninga av Guds ord for å dela ut mat.
3
Brør, vel no ut dykk imellom sju menn som har godt ord på seg og er fylte av Ande og visdom. Dei set vi til denne oppgåva.
4
Sjølve skal vi via oss til bøna og tenesta med Ordet.»
5
Dette framlegget vart godt motteke av alle som var samla. Og dei valde Stefanus, ein mann full av tru og Heilag Ande, og Filip, Prokorus, Nikanor, Timon, Parmenas og Nikolaus, ein proselytt frå Antiokia.
6
Desse førte dei fram for apostlane, som bad og la hendene på dei.
7
Guds ord hadde framgang, og talet på læresveinar i Jerusalem auka sterkt. Jamvel ein stor flokk av prestane vart lydige mot trua.
8
Stefanus var full av nåde og kraft og gjorde store under og teikn mellom folket.
9
Då stod det fram nokre frå den synagoga som vart kalla synagoga for frigjevne og for kyrenearar og aleksandrinarar. Saman med jødar frå Kilikia og Asia gav dei seg i ordskifte med Stefanus.
10
Men dei kunne ikkje stå seg mot den visdom og ånd som orda hans var borne av.
11
Då fekk dei i løynd lokka nokre menn til å seia: «Vi har høyrt han tala spottande ord mot Moses og Gud.»
12
På den måten eggja dei opp folket, dei eldste og dei skriftlærde; og så gjekk dei mot han, greip han og drog han med seg inn for Rådet.
13
Der førte dei fram falske vitne som sa: «Denne mannen held ikkje opp med å tala mot den heilage staden og mot lova.
14
Vi har høyrt han seia at denne Jesus frå Nasaret skal riva ned heilagdomen og endra dei skikkane vi har frå Moses.»
15
Då feste dei augo på han, alle som sat i Rådet, og dei såg at andletet hans var som eit engleandlet.
← Chapter 5
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 7 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28