bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Daniel 12
Daniel 12
Norwegian N 78 NN
← Chapter 11
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
1
På den tid skal Mikael, den store fyrsten, stiga fram, han som vernar ¬dine landsmenn. Det skal koma ei trengselstid som det ikkje har vore ¬maken til heilt sidan folkeslag vart til. Men på den tid ¬skal folket ditt verta frelst, alle som er oppskrivne i boka.
2
Og mange av dei ¬som søv i molda, skal vakna opp, somme til evig liv, andre til skam og evig avsky.
3
Då skal dei vituge skina som himmelkvelven skin; og dei som har ført dei mange ¬til rettferd, skal skina som stjernene, ¬evig og alltid.
4
Men du, Daniel, må gøyma desse orda og forsegla boka til endetida. Mange skal fara ikring, og kunnskapen skal auka.
5
Då fekk eg, Daniel, auga på to andre som stod der, ein på kvar side av elva.
6
Ein av dei sa til mannen som var kledd i lin, og som var oppover vatnet i elva: «Kor lenge varer det før alt dette underfulle har hendt?»
7
Mannen som var kledd i lin, og som var oppover vatnet i elva, lyfte høgre og venstre hand mot himmelen, og eg høyrde at han svor ved Den Evige: «Éi tid og tider og ei halv tid. Når makta åt det heilage folket er heilt knust, kjem slutten på alt dette.»
8
Eg høyrde det, men skjøna det ikkje og spurde: «Herre, kva er endelykta på dette?»
9
Då sa han til meg: «Gå bort, Daniel, for desse orda skal vera løynde og forsegla til endetida.
10
Mange skal verta reinsa og tvegne og skirsla. Men dei ugudelege skal halda fram i si gudløyse, og ingen av dei skal skjøna noko. Men dei vituge skal skjøna.
11
Frå den tid då det daglege offeret vert bortteke og den øydande styggedomen oppsett, skal det gå 1 290 dagar.
12
Sæl er den som ventar og når fram til 1 335 dagar.
13
Så gå du til møtes med endetida! Du skal kvila og stå opp og få din lut når dagane tek ende.»
← Chapter 11
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12