bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Habakkuk 1
Habakkuk 1
Norwegian N 78 NN
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 2 →
1
Dette er dei domsord som profeten Habakkuk fekk i synene sine.
2
Kor lenge, Herre, skal eg ropa utan at du gjev meg svar, klaga og skrika til deg om vald utan at du frelser?
3
Kvifor lèt du meg sjå urett og vera vitne til ulukke? Eg ser berre øyding og vald, det kjem til strid og trette.
4
Difor er lova maktlaus, og retten vinn ikkje fram. For gudlause kringset ¬dei rettvise, og dermed vert retten rengd.
5
Gjev akt på folka, sjå dykk om, mållause av undring! For ei gjerning gjer eg ¬i dykkar dagar – de ville ikkje tru det ¬om det vart fortalt!
6
Sjå, eg vekkjer kaldearane, det harde og framfuse folket, som fer så vide ikring på jorda og tek framande bustader ¬i eige.
7
Grufulle og skræmande er dei, dei avgjer sjølve sin rett ¬og si ære.
8
Deira hestar er raskare ¬enn leopardar, snøggare spring dei ¬enn steppeulvar. Deira hestfolk kjem ¬i strykande tan, deira ridehestar ¬frå land langt borte. Som ørna på jakt etter føde
9
kjem dei alle ¬og vil gjera valdsverk. Stridslystne går dei på, dei samlar fangar som sand.
10
Dei spottar kongar og har hovdingar til lått. Dei ler åt kvar festning, kastar opp ein voll ¬og tek henne.
11
Så fer dei sin veg ¬og vert borte som vinden. Dei gjer sin eigen styrke ¬til sin gud.
12
Er ikkje du frå gamal tid, Herre, min heilage Gud, ¬du som aldri døyr? Du, Herre, ¬har sett dei til å straffa, du, vårt berg, ¬har sendt dei til å tukta.
13
Augo dine er for reine ¬til å sjå på det vonde, og ulukke orkar du ikkje ¬å skoda. Kvifor har du tol ¬med dei trulause og teier når gudlause sluker dei som er rettferdigare ¬enn dei sjølve?
14
Du gjer med mennesket ¬som med fisken i sjøen, som med kreket utan herre.
15
Dei dreg dei alle opp ¬med krok, og halar dei inn med not, dei samlar dei i garnet. Difor er dei jublande glade.
16
Difor ofrar dei til nota og brenner røykjelse ¬for garnet. For feit er fangsten ¬som desse gjev dei, og nærande er føda.
17
Skal dei då alltid få tøma nota og utan skånsel ¬gjera ende på folkeslag?
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 2 →
All chapters:
1
2
3