bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Joshua 12
Joshua 12
Norwegian N 78 NN
← Chapter 11
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 13 →
1
Dei kongane austanfor Jordan som israelittane vann over og tok landet frå mellom Arnon-elva og Hermon-fjellet, på heile austsida av Jordan,
2
det var fyrst amorittkongen Sihon, som budde i Hesjbon. Han rådde over landet frå Aroer, som ligg ut mot Arnon-dalen, frå midt i elva, og over halve Gilead til Jabbok-elva, som er grensa mot ammonittane.
3
Han rådde òg over austsida av Jordan-dalen, opp til Gennesaret-sjøen og ned til Araba-sjøen – eller Saltsjøen – bort imot Bet-Jesjimot, og sør under Pisga-liene.
4
Så var det landet til Og, kongen i Basan, ein av dei som var att av refaittane. Han budde i Asjtarot og Edre’i
5
og rådde over Hermon-fjellet, Salka og heile Basan, til grensa mot gesjurittane og ma’akatittane, og over halve Gilead, til grensa mot Sihon, kongen i Hesjbon.
6
Desse kongane hadde Moses, Herrens tenar, og israelittane vunne over, og Moses hadde late Rubens-sønene og Gads-sønene og halve Manasse-ætta få landet deira til odel og eige.
7
No hadde Josva og israelittane vunne over kongane i landet vestanfor Jordan, frå Ba’al-Gad i Libanon-dalen til snaufjellet som stig opp mot Se’ir. Dette landet gav Josva Israels-ættene til eigedom, så kvar ætt fekk sin del:
8
i fjellbygdene, Sjefela og Jordan-dalen, i liene, øydemarka og Negev, i landet til hetittane, amorittane, kanaanearane, perisittane, hevittane og jebusittane.
9
Dette er dei kongane som Josva vann over: kongen i Jeriko, ein, kongen i Ai ved Betel, ein,
10
kongen i Jerusalem, ein, kongen i Hebron, ein,
11
kongen i Jarmut, ein, kongen i Lakisj, ein,
12
kongen i Eglon, ein, kongen i Geser, ein,
13
kongen i Debir, ein, kongen i Geder, ein,
14
kongen i Horma, ein, kongen i Arad, ein,
15
kongen i Libna, ein, kongen i Adullam, ein,
16
kongen i Makkeda, ein, kongen i Betel, ein,
17
kongen i Tappuah, ein, kongen i Hefer, ein,
18
kongen i Afek, ein, kongen i Saron, ein,
19
kongen i Madon, ein, kongen i Hasor, ein,
20
kongen i Sjimron-Meron, ein, kongen i Aksjaf, ein,
21
kongen i Ta’anak, ein, kongen i Megiddo, ein,
22
kongen i Kedesj, ein, kongen i Jokneam ved Karmel, ein,
23
kongen i Dor på Dor-høgda, ein, kongen over folka i Galilea, ein,
24
kongen i Tirsa, ein, i alt trettiein kongar.
← Chapter 11
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 13 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24