bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Judges 12
Judges 12
Norwegian N 78 NN
← Chapter 11
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 13 →
1
Mennene i Efraim samla seg til strid og drog nordetter. Dei sa til Jefta: «Kvifor sende du ikkje bod etter oss så vi kunne ha vore med då du drog av stad og ville strida mot ammonittane? No vil vi setja eld på huset du bur i.»
2
Jefta svara: «Eg og folket mitt låg i hard strid med ammonittane. Då sende eg bod på dykk, men de hjelpte meg ikkje imot dei.
3
Og då eg såg at de ikkje ville hjelpa, våga eg livet og gjekk imot ammonittane, og Herren gav dei i hendene mine. Kvifor kjem de no farande og vil slåst med meg?»
4
Så samla Jefta alle mennene i Gilead til strid mot Efraim. Og Gilead-mennene hogg efraimittane ned; for dei hadde sagt: «De er rømingar frå Efraim, de Gilead-folk. De høyrer heime i Efraim, men bur i Manasse.»
5
Gilead-mennene stengde vadestadene over Jordan for efraimittane. Kvar gong det kom ein efraimitt som hadde rømt, og ville sleppa over, spurde dei: «Er du frå Efraim?» Svara han då nei,
6
sa dei til han: «Sei sjibbolet!» Men sa han «sibbolet», fordi han ikkje kunne seia ordet rett, så greip dei han og drap han der ved vadestadene over Jordan. Den gongen fall det førtito tusen mann av Efraims-ætta.
7
Jefta frå Gilead var domar i Israel i seks år. Så døydde han og vart gravlagd i heimbyen sin i Gilead.
8
Etter Jefta var Ibsan frå Betlehem domar i Israel.
9
Han hadde tretti søner. Tretti døtrer gifte han bort, og tretti sonekoner henta han heim. Han styrte Israel i sju år.
10
Så døydde Ibsan og vart gravlagd i Betlehem.
11
Etter han vart Elon frå Sebulon domar i Israel. Han styrte Israel i ti år.
12
Så døydde Elon og vart gravlagd i Ajjalon i Sebulons-landet.
13
Etter han vart Abdon Hillelson frå Piraton domar i Israel.
14
Han hadde førti søner og tretti sonesøner. Dei reid på sytti eselfolar. Han styrte Israel i åtte år.
15
Så døydde Abdon Hillelson frå Piraton og vart gravlagd i Piraton i Efraims-landet, på amalekittfjellet.
← Chapter 11
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 13 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21