bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Leviticus 6
Leviticus 6
Norwegian N 78 NN
← Chapter 5
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 7 →
1
Herren tala til Moses og sa:
2
Sei til Aron og sønene hans: Dette er lova om brennofferet: Brennofferet skal liggja på eldstaden på altaret heile natta, til morgons, og altarelden skal brenna.
3
Presten skal kle seg i linkjortelen sin og bera ei bukse av lin nærast kroppen. Han skal ta bort oska etter brennofferet som elden har tært opp på altaret, og leggja henne attmed altaret.
4
Så skal han ta av seg kledebunaden sin, ha på seg andre klede og bera oska ut or leiren til ein rein stad.
5
Elden skal haldast brennande på altaret; han må ikkje slokna. Kvar morgon skal presten nøra elden med ved, leggja brennofferet til rettes på veden og brenna feittet av måltidsofferet.
6
Det skal alltid brenna eld på altaret; han må ikkje slokna.
7
Dette er lova om grødeofferet: Arons-sønene skal bera det fram for Herrens åsyn, fram til altaret.
8
Presten skal ta ein neve av kveitemjølet og oljen i grødeofferet og all røykjelsen som er lagd på grødeofferet, og brenna det på altaret. Det er eit påminningsoffer til godange for Herren.
9
Det som er att av offeret, skal Aron og sønene hans eta. Det skal etast usyrt på ein heilag stad. I føregarden til møteteltet skal dei eta det.
10
Med surdeig må det ikkje bakast. Det er den delen eg har gjeve dei av eldoffera mine. Høgheilagt er det liksom syndofferet og skuldofferet.
11
Alle menn som er ætta frå Aron, kan eta det. Gjennom alle tider og ætter skal det vera dykkar del av Herrens eldoffer. Kvar den som rører ved det, vert heilag.
12
Herren tala til Moses og sa:
13
Dette er det offeret som Aron og sønene hans skal bera fram for Herren den dagen ein av dei vert salva: ein tiandedels efa kveitemjøl. Det er det daglege grødeofferet som dei ber fram, halvparten om morgonen og halvparten om kvelden.
14
Med olje skal det lagast til på ei helle, og godt knatt skal det vera når dei kjem med det. Du skal dela det opp i småstykke og ofra det som grødeoffer, til godange for Herren.
15
Den av Arons-sønene som vert salva til prest i staden hans, skal laga det til. Det er ei føresegn som Herren har gjeve for alle tider. Heile offeret skal brennast.
16
Kvart grødeoffer som presten ber fram for seg sjølv, skal vera heiloffer, det må ikkje etast.
17
Herren tala til Moses og sa:
18
Sei til Aron og sønene hans: Dette er lova om syndofferet: På same staden som dei slaktar brennofferdyret, skal syndofferdyret òg slaktast for Herrens åsyn. Høgheilagt er det.
19
Presten som ber fram syndofferet, skal eta det. På ein heilag stad skal det etast, i føregarden til møteteltet.
20
Kvar den som rører offerkjøtet, vert heilag. Kjem det noko av blodet på eit klesplagg, skal du vaska det på ein heilag stad.
21
Vert kjøtet kokt i ei leirgryte, skal gryta knusast. Er det kokt i ein koparkjel, skal han skurast og skyljast med vatn.
22
Alle menn som er prestar, kan eta av dette offeret. Høgheilagt er det.
23
Men dei syndoffer som det vert bore blod av inn i møteteltet, så det vert gjort soning i heilagdomen, må ikkje etast. Dei skal brennast.
← Chapter 5
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 7 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27