bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Matthew 7
Matthew 7
Norwegian N 78 NN
← Chapter 6
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 8 →
1
Døm ikkje, så de ikkje skal verta dømde!
2
For de skal dømast etter den domen de feller over andre, og det skal mælast opp til dykk med det målet de sjølve mæler med.
3
Kvifor ser du flisa i auga åt bror din, men bjelken i ditt eige auga vert du ikkje var?
4
Eller korleis kan du seia til bror din: Lat meg ta flisa ut or auga ditt, når det er ein bjelke i ditt eige?
5
Din hyklar! Ta fyrst bjelken ut or ditt eige auga! Då ser du klårt og kan ta flisa ut or auga på bror din.
6
Gjev ikkje hundane det som er heilagt, og kast ikkje perlene dykkar for svin. Dei kjem berre til å trakka dei ned og venda seg mot dykk og riva dykk sund.
7
Bed, så skal de få. Leita, så skal de finna. Banka på, så skal det verta opplate for dykk.
8
For kvar den som bed, han får; og den som leitar, han finn; og den som bankar på, for han vert det opplate.
9
Eller er det nokon av dykk som gjev son sin ein stein når han bed om brød,
10
eller gjev han ein orm når han bed om ein fisk?
11
Når no de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje då Far dykkar i himmelen gje gode gåver til dei som bed han!
12
Alt det de vil at andre skal gjera mot dykk, det skal de òg gjera mot dei. For så er lova og profetane.
13
Gå inn gjennom den tronge porten! For vid er den porten og brei er den vegen som fører til fortaping, og mange er dei som går inn gjennom den.
14
Men trong er den porten og smal er den vegen som fører til livet, og få er dei som finn han.
15
Ta dykk i vare for dei falske profetane! Dei kjem til dykk i saueham, men innvendig er dei grådige ulvar.
16
På fruktene skal de kjenna dei. Kan ein hausta druer av klunger eller fiken av tistlar?
17
Eit godt tre ber god frukt, eit ringt tre ber ring frukt.
18
Eit godt tre kan ikkje bera ring frukt, og eit ringt tre kan ikkje bera god frukt.
19
Kvart tre som ikkje ber god frukt, vert hogge ned og kasta på elden.
20
Difor skal de kjenna dei på fruktene.
21
Ikkje alle som seier til meg: Herre, Herre! skal koma inn i himmelriket, men dei som gjer det Far min i himmelen vil.
22
Den dagen skal mange seia til meg: Herre, Herre! Har vi ikkje tala profetord i ditt namn, og drive ut vonde ånder i ditt namn, og gjort mange mektige gjerningar i ditt namn?
23
Då skal eg seia dei beint ut: Eg har aldri kjent dykk. Gå bort frå meg, de som gjer urett!
24
Den som høyrer desse orda mine og gjer etter dei, han er lik ein klok mann som bygde huset sitt på fjell.
25
Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Men det fall ikkje, for det var tufta på fjell.
26
Men den som høyrer desse orda mine, og ikkje gjer etter dei, han er lik ein uvitug mann som bygde huset sitt på sand.
27
Regnet silte, elvane fløymde, og vindane bles og slo mot huset. Då fall det, og fallet var stort.
28
Då Jesus hadde halde denne talen, var folket fulle av undring over læra hans.
29
For han lærte dei med mynde, og ikkje som deira skriftlærde.
← Chapter 6
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 8 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28