bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian N 78 NN
/
Revelation 15
Revelation 15
Norwegian N 78 NN
← Chapter 14
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 16 →
1
Eg såg eit anna teikn i himmelen, stort og underfullt: Sju englar med sju plager, som er dei siste, for med dei er Guds vreide fullført.
2
Og eg såg noko som likna eit glashav, blanda med eld; og på glashavet såg eg dei stå som hadde sigra over dyret og biletet av det og talet som står for namnet åt dyret. Dei har Guds harper i hendene
3
og syng lovsongen åt Moses, Guds tenar, som òg er songen for Lammet: Store og underfulle ¬er dine gjerningar, Herre Gud, du Allmektige. Rettferdige og sanne ¬er dine vegar, du konge over alle folkeslag.
4
Kven skulle ikkje ottast deg, ¬Herre, og æra ditt namn? For einast du er heilag. Alle folkeslag skal koma og tilbe for ditt åsyn, fordi dine rettferdige domar ¬har vorte openberre.
5
Etter dette såg eg at templet i himmelen, vitnemålsteltet, vart opna.
6
Og ut or templet kom dei sju englane som hadde dei sju plagene. Dei var kledde i reint og skinande lin og hadde gullbelte om bringa.
7
Og ein av dei fire skapningane gav dei sju englane sju gullskåler fylte med Guds vreide, han som lever i all æve.
8
Då vart templet fylt med røyk frå Guds herlegdom og makt, og ingen kunne gå inn i templet før dei sju plagene frå dei sju englane var fullførte.
← Chapter 14
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 16 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22