bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Deuteronomy 8
Deuteronomy 8
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 7
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 9 →
1
Alle dei boda eg gjev deg i dag, skal de trufast følgja. Då skal de få leva og bli talrike og få koma inn og ta i eige det landet som HERREN med eid lova fedrane dykkar.
2
Hugs den lange vegen som HERREN din Gud førte deg desse førti åra i ørkenen. Han ville audmjuka deg og prøva deg og sjå kva som budde i hjartet ditt, om du ville halda boda hans eller ikkje.
3
Han audmjuka deg; han lét deg svelta og lét deg eta manna, ein mat som korkje du eller fedrane dine kjende til. Slik ville han visa deg at mennesket ikkje lever berre av brød; mennesket lever av kvart ord som kjem frå HERRENS munn.
4
Kleda du hadde på deg, vart ikkje utslitne, og føtene dine hovna ikkje i desse førti åra.
5
Og du skal vita i hjartet ditt at HERREN din Gud vil oppdra deg liksom ein mann oppdreg son sin.
6
Då skal du òg halda boda til HERREN din Gud så du går på hans vegar og har age for han.
7
For HERREN din Gud fører deg inn i eit godt land, eit land med rennande bekker, med kjelder og vassårer som spring fram i dalane og på fjellet,
8
eit land med kveite og bygg, med vinstokkar, fikentre og granatepletre, eit land med olivenolje og honning,
9
eit land der du ikkje skal eta brødet ditt i fattigdom og ikkje mangla nokon ting, eit land der det er jern i steinane og du kan bryta kopar ut av fjellet.
10
Der skal du eta og bli mett og velsigna HERREN din Gud for det gode landet han har gjeve deg.
11
Ta deg i vare så du ikkje gløymer HERREN din Gud og lèt vera å halda boda, lovene og forskriftene hans som eg i dag byd deg å halda.
12
Når du et og blir mett, når du byggjer deg fine hus og får bu i dei,
13
når storfeet og småfeet ditt aukar, når du får mengder av gull og sølv og eigedomane dine veks,
14
ta deg då i vare så du ikkje blir hovmodig og gløymer HERREN din Gud som førte deg ut frå Egypt, ut frå slavehuset.
15
Han førte deg gjennom den store, uhyggjelege ørkenen med giftslangar og skorpionar, eit uttørka land utan vatn. Han lét vatnet strøyma for deg frå harde fjellet,
16
han lét deg eta manna i ørkenen, ein mat som fedrane dine aldri hadde høyrt om. Alt dette gjorde han fordi han ville audmjuka deg og prøva deg og så gjera vel mot deg til slutt.
17
Du kan seia i hjartet ditt: «Det er mi eiga kraft og mi sterke hand som har skaffa meg denne rikdomen.»
18
Men hugs HERREN din Gud, for det er han som gjev deg kraft til å vinna rikdom. Slik vil han stå ved den pakta som han gjorde med fedrane dine, slik han òg gjer det i dag.
19
Men om du gløymer HERREN din Gud og følgjer andre gudar, dyrkar dei og tilbed dei, då skal de gå til grunne. Det er vitnemålet mitt til dykk i dag.
20
Liksom folkeslaga HERREN utryddar for dykk, skal de sjølve gå til grunne fordi de ikkje ville høyra på røysta til HERREN dykkar Gud.
← Chapter 7
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 9 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34