bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Ecclesiastes 1
Ecclesiastes 1
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 2 →
1
Ord av Forkynnaren, son til David og konge i Jerusalem.
2
Fåfengt, seier Forkynnaren, fåfengt og forgjengeleg — alt er fåfengt!
3
Kva har mennesket att for sitt strev, for alt det strevar med under sola?
4
Slekter går, og slekter kjem, men jorda er alltid den same.
5
Sola går opp, og sola går ned, så stundar ho attende til staden ho går opp.
6
Ho skin og går mot sør, så snur ho og går mot nord, medan vinden snur og skifter og tek til med rundgangen på nytt.
7
Alle elvar renn ut i havet, men havet blir ikkje fullt; dit elvane før har runne, held dei fram med å renna.
8
Alle ting går sin strevsame gang, menneskeord strekk ikkje til. Auget blir ikkje mett av å sjå, og øyret blir ikkje fullt av å høyra.
9
Det som har hendt, skal henda igjen, og det som vart gjort, skal gjerast på nytt. Ingen ting er nytt under sola.
10
Blir det sagt om noko: «Sjå, dette er nytt», har det likevel hendt i tidlegare tider, lenge før oss.
11
Ingen minnest det som hende før. Og det som skal koma, vil heller ingen hugsa i slektene som følgjer.
12
Eg, Forkynnaren, var konge over Israel, i Jerusalem.
13
Eg la meg på hjartet å undersøkja og granska med visdom alt som blir gjort under himmelen. Det er eit vondt strev Gud har gjeve menneska å plaga seg med.
14
Eg såg på kvar gjerning som blir gjord under sola. Sjå, alt er like fåfengt som å gjeta vinden!
15
Det som er kroket, kan ingen retta opp. Det som manglar, kan ingen telja.
16
I hjartet mitt sa eg: Sjå, eg har vunne større visdom enn nokon som har styrt i Jerusalem før meg. Mykje har eg lært å kjenna av visdom og kunnskap.
17
Eg la meg på hjartet å læra kva som er visdom, og kva som er dårskap og uforstand. Men eg fann at det òg var som å gjeta vinden.
18
For med stor visdom følgjer mange sorger. Den som aukar sin kunnskap, aukar si smerte.
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 2 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12