bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Lamentations 4
Lamentations 4
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 3
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 5 →
1
Alef א [1] Gullet har mista sin glans, det fine gullet er forandra! Dei heilage steinane ligg strødde på alle gatehjørne. Bet ב
2
Sions utvalde søner, verde si vekt i gull, blir rekna som leirkar, eit verk av pottemakarhand! Gimel ג
3
Jamvel sjakalar held spenane fram, dei lèt ungane suga. Men folket, mi dotter, har vorte hjartelaust som strutsen i ørkenen. Dalet ד
4
Spedborna er tørste, tunga klistrar seg til ganen. Småborna tiggar om brød, men ingen gjev dei ein bit. He ה
5
Dei som åt lekre retter, fell om i gatene. Dei som vart fostra opp i skarlak, kastar seg over dungane. Waw ו
6
Skulda til folket, mi dotter, er større enn synda i Sodoma, som brått vart øydelagd utan at nokon hadde rørt henne. Zajin ז
7
Dei innvigde i folket mitt var reinare enn snø, meir skinande enn mjølk. Kroppen deira var raudare enn korallar, lemene var av safir. Het ח
8
Dei har vorte svartare enn sot, ein kjenner dei ikkje att på gata. Huda strammar seg om knoklane, ho har vorte tørr som ved. Tet ט
9
Betre var det å falla for sverd enn å falla for svolt, tærast bort og drepast av åkrar utan grøde. Jod י
10
Kjærlege kvinner koker borna sine, dei har vorte maten deira. Folket, mi dotter, er knust. Kaf כ
11
HERREN har aust av sin harme, tømt ut sin brennande vreide. Han har sett fyr på Sion, grunnvollane øydest i eld. Lamed ל
12
Ingen konge på jorda, ingen i heile verda trudde at ein motstandar eller fiende kunne koma inn gjennom Jerusalems portar. Mem מ
13
Det hende fordi profetane synda og prestane førte skuld over seg. Dei lét blodet av rettferdige renna i byen. Nun נ
14
Blinde flakkar dei om i gatene, tilsølte med blod, ingen kan røra kleda deira. Samek ס
15
«Av vegen! Urein!» ropar folk til dei. «Av vegen! Ikkje rør!» Dei rømmer og vildrar omkring. Alle folkeslag seier: «Dei får ikkje bu her.» Pe פ
16
HERREN sjølv har spreidd dei, han vil ikkje sjå dei lenger. Dei vørde ikkje prestane og var ikkje nådige mot dei gamle. Ajin ע
17
Vi held ut, auga blir såre, vi ser fåfengt etter hjelp. Vi har stått på vakt og speida etter eit folk som ikkje kunne hjelpa. Tsade צ
18
Dei vakta kvart steg vi tok, vi kunne ikkje gå på gatene våre. Enden var nær, vår tid var ute, ja, enden var komen. Qof ק
19
Dei som jaga oss, var snarare enn ørnane under himmelen. Over fjella forfølgde dei oss, i ørkenen låg dei og lurte på oss. Resj ר
20
HERRENS salva, vår pust, vart fanga i gravene deira. Det var om han vi sa: «I hans skugge skal vi leva mellom folka.» Sjin ש
21
Fryd og gled deg, dotter Edom, du som bur i landet Us. Men begeret kjem til deg òg, du skal bli full og kle deg naken. Taw ת
22
Di skuld er betalt, dotter Sion, aldri meir vil han føra deg bort. Men di skuld, dotter Edom, straffar han deg for, dine synder viser han fram.
← Chapter 3
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 5 →
All chapters:
1
2
3
4
5