bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Leviticus 17
Leviticus 17
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 16
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 18 →
1
HERREN sa til Moses:
2
Tal til Aron og sønene hans og til alle israelittane og sei til dei: Dette er det som HERREN har bode:
3
Det kan henda at ein eller annan frå Israels hus slaktar ein okse, ein sau eller ei geit, i leiren eller utanfor leiren,
4
men ikkje kjem til inngangen til teltheilagdomen med dyret for å bera fram eit offer til HERREN framfor HERRENS bustad. Då skal det reknast som blodskuld for den mannen. Han har aust ut blod. Mannen skal støytast ut frå folket sitt.
5
Difor skal israelittane koma til HERREN med dei slaktoffera som dei før har ofra ute på marka, ta dei med til inngangen til teltheilagdomen, til presten, og ofra dei som fredsoffer til HERREN.
6
Presten skal stenka blodet på HERRENS altar, det som står attmed inngangen til teltheilagdomen, og brenna feittet til godange for HERREN.
7
Dei skal ikkje lenger ofra slaktoffera sine til bukkane som dei har drive hor med. Dette skal vera ei evig forskrift for dei gjennom alle slekter.
8
Og du skal seia til dei: Det kan henda at ein eller annan, frå Israels hus eller mellom innflyttarane som bur hos dei, ofrar eit brennoffer eller slaktoffer,
9
men ikkje kjem til inngangen til teltheilagdomen med det for å ofra det til HERREN. Den mannen skal støytast ut frå folket sitt.
10
Kvar den frå Israels hus eller av innflyttarane som bur hos dei, som et blod, skal eg venda meg mot og støyta ut frå folket hans.
11
For ein skapnings liv er i blodet, og eg har gjeve dykk blodet på altaret til soning for livet dykkar. Blodet sonar fordi livet er i det.
12
Difor har eg sagt til israelittane: Ingen av dykk må eta blod; heller ikkje innflyttarane som bur hos dykk, må eta blod.
13
Kvar den av israelittane eller av innflyttarane som bur hos dei, som fangar eit vilt dyr eller ein fugl som kan etast, han skal la blodet renna ut og ha jord over det.
14
For blodet er livet i kvar skapning. Difor sa eg til israelittane: De må ikkje eta blodet av nokon skapning, for blodet er livet i kvar skapning. Den som et det, skal støytast ut.
15
Kvar person, anten han er fødd i landet eller er innflyttar, som har ete av eit dyr som er sjølvdaudt eller ihelrive, skal vaska kleda sine og bada. Han er urein heilt til kvelds. Då er han rein att.
16
Dersom han ikkje vaskar kleda og badar, fører han skuld over seg.
← Chapter 16
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 18 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27