bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
/
Revelation 10
Revelation 10
Norwegian 2011 (Bibelen 2011 Nynorsk)
← Chapter 9
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 11 →
1
Og eg såg ein annan mektig engel stiga ned frå himmelen. Han var sveipt i ei sky og hadde regnbogen kring hovudet. Andletet var som sola og føtene som eldsøyler.
2
I handa hadde han ein liten bokrull som var opna. Han sette den høgre foten på havet og den venstre på jorda
3
og ropa med kraftig røyst som ei brølande løve. Då han hadde ropa, ljoma røystene frå dei sju torene.
4
Etter at dei sju torene hadde tala, ville eg til å skriva, men eg høyrde ei røyst frå himmelen som sa: «Set segl for det som dei sju torene har sagt, skriv det ikkje ned!»
5
Og engelen som eg hadde sett stå på havet og på jorda, lyfte høgre handa mot himmelen
6
og svor ved han som lever i all æve, han som skapte himmelen og alt som finst der, og jorda og alt som finst der, og havet og alt som finst der: «Tida er ute.
7
Men når den sjuande engelen lèt basunen lyda, i dei dagane skal Guds mysterium vera fullført, slik han kunngjorde for tenarane sine, profetane.»
8
Den røysta eg hadde høyrt frå himmelen, tala igjen til meg: «Gå bort og ta den opne boka frå handa til engelen som står på havet og på jorda.»
9
Då gjekk eg bort til engelen og sa til han: «Gjev meg den vesle bokrullen.» Han sa til meg: «Ta bokrullen og et han! Han skal svi i magen din, men i munnen din skal han vera søt som honning.»
10
Så tok eg den vesle bokrullen ut av handa på engelen og åt han, og i munnen var han søt som honning, men då eg hadde svelgt han, sveid det i magen.
11
Då vart det sagt til meg: «Endå ein gong skal du tala profetord mot folk og folkeslag og tungemål og mot mange kongar.»
← Chapter 9
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 11 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22