bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
1 Corinthians 3
1 Corinthians 3
Norwegian 1938
← Chapter 2
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 4 →
1
Og eg, brør, kunde ikkje tala til dykk som til åndelege, men berre som til kjøtlege, som til nyfødingar i Kristus.
2
Eg gav dykk mjølk å drikka og ikkje fast føda; for de tolde de ikkje endå. Ja, de toler det ikkje enno,
3
for di de enno er kjøtlege. For når det er ovund og tretta millom dykk, er de då ikkje kjøtlege og ferdast på menneskevis?
4
For når ein segjer: Eg held meg til Paulus og ein annan: Eg til Apollos, er de ikkje då menneske?
5
Kva er då Apollos? eller kva er Paulus? Tenarar som de kom til trui ved, og det etter som Herren gav kvar for seg.
6
Eg planta, Apollos vatna; men Gud gav vokster.
7
So er no korkje den noko som planter, eller den som vatnar, men Gud som gjev vokster.
8
Den som plantar, og den som vatnar, er eitt; men kvar skal få si eigi løn etter sitt eige arbeid.
9
For me er Guds medarbeidarar; de er Guds åkerland, Guds bygnad.
10
Etter den Guds nåde som er meg gjeven, hev eg lagt grunnvoll som ein vis byggmeister, og ein annan byggjer uppå; men kvar sjå til korleis han byggjer uppå!
11
For annan grunnvoll kann ingen leggja enn den som er lagd, det er Jesus Kristus.
12
Men um nokon byggjer på denne grunnvollen med gull, sylv, dyre steinar, tre, høy, strå,
13
so skal kvart manns verk verta synbert; dagen skal syna det, for han vert openberra med eld; og korleis kvar manns verk er, det skal elden prøva.
14
Um det verket som ein mann hev bygt, stend seg, so skal han få løn;
15
um verket åt ein mann brenn upp, so skal han missa løni; men sjølv skal han verta frelst, men so som gjenom eld.
16
Veit de ikkje at de er Guds tempel, og at Guds Ande bur i dykk?
17
Tyner nokon Guds tempel, honom skal Gud tyna; for Guds tempel er heilagt, og det er de.
18
Ingen dåre seg sjølv! Um nokon millom dykk tykkjest vera vis i denne verdi, lat han verta ei dåre, so han kann verta vis!
19
For visdomen åt denne verdi er dårskap for Gud. For det stend skrive: Han fangar dei vise i deira klokskap,
20
og ein annan stad: Herren kjenner tankane hjå dei vise, at dei er fåfengde.
21
Difor skal ingen rosa seg av menneske; for alt høyrer dykk til,
22
anten det er Paulus eller Apollos eller Kefas, anten det er verdi eller liv eller daude, anten det er det som no er, eller det som koma skal - alt høyrer dykk til,
23
Men de høyrer Kristus til, og Kristus høyrer Gud til.
← Chapter 2
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 4 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16