bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
1 Corinthians 5
1 Corinthians 5
Norwegian 1938
← Chapter 4
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 6 →
1
Der gjeng allfares ord um hor hjå dykk, og det slikt hor som ikkje ein gong vert nemnt hjå heidningane: at ein held seg med kona åt far sin.
2
Og de er uppblåsne, endå de langt heller skulde syrgja, so den som hev gjort denne gjerningi, kunde verta støytt ifrå dykk.
3
For eg, som vel er fråverande med lekamen, men nærverande med åndi, eg hev alt dømt, som eg var nærverande, at den som hev gjort dette,
4
han skal i vår Herre Jesu Kristi namn, med di de og mi ånd kjem saman i vår Herre Jesu Kristi kraft,
5
verta yvergjeven til Satan til tyning av kjøtet, so åndi kann verta frelst på Herren Jesu dag.
6
Det er ikkje fagert det som de rosar dykk av. Veit de ikkje at ein liten surdeig syrer heile deigen?
7
Reinsa difor ut den gamle surdeigen, so de kann vera ny deig, liksom de er usyrde! for vårt påskelamb er då slakta: Kristus.
8
Lat oss so halda helg, ikkje med gamal surdeig eller med vondskap og ugudlegskaps surdeig, men med reinleiks og sannings usyrde brød!
9
Eg skriv til dykk i brevet mitt at de ikkje skulde hava umgjenge med horkarar,
10
og då meinte eg ikkje horkarane i denne verdi i det heile, eller dei havesjuke og røvarane eller avgudsdyrkarane, for elles laut de ganga ut or verdi;
11
men det eg skreiv til dykk, var at de ikkje skulde hava umgjenge med nokon som er kalla bror og er ein horkar eller havesjuk eller avgudsdyrkar eller baktalar eller drikkar eller røvar, so de ikkje ein gong et i lag med han.
12
For kvar hev vel eg med å døma dei som er utanfor? Dømer ikkje de og berre dei som er innanfor?
13
men dei som er utanfor, skal Gud døma. So støyt då den vonde ut ifrå dykk!
← Chapter 4
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 6 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16