bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
1 Timothy 3
1 Timothy 3
Norwegian 1938
← Chapter 2
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 4 →
1
Det er eit truverdig ord: Um nokon trår etter eit tilsynsembete, so hev han lyst til ei gjæv gjerning.
2
Difor skal ein tilsynsmann vera ulastande, mann til ei kvinna, edrueleg, visleg, verdig, gjestmild, dugleg til å læra frå seg,
3
ikkje drikkekjær, ikkje hardhendt, men godlyndt, ikkje stridsam, ikkje pengekjær,
4
ein som styrer sitt eige hus vel, og hev lydige born med all søma
5
- men um ikkje nokon veit å styra sitt eige hus, kor kann han då hava umsut for Guds kyrkja? -
6
ikkje ein ny-umvend, so han ikkje skal ovmoda seg og falla i djevelens dom.
7
Men han skal og hava godt vitnemål av dei som er utanfor, so han ikkje skal få lastord og falla i djevelens snara.
8
Like eins skal tenarane for kyrkjelyden vera vyrdelege, ikkje tvitunga, ikkje kjære etter mykje vin, ikkje lystne etter låk vinning,
9
slike som eig løyndomen i trui i eit reint samvit.
10
Dei og skal fyrst verta prøvde; sidan skal dei tena i kyrkjelyden, um dei er ulastande.
11
Like eins skal kvinnone vera vyrdelege, ikkje baktalande, edruelege, true i alle ting.
12
Tenarane for kyrkjelyden skal vera mann til EI kona, og styra vel sine born og sine eigne hus.
13
For dei som hev vore gode tenarar i kyrkjelyden, dei vinn seg eit godt støde og stort frimod i trui på Kristus Jesus.
14
Dette skriv eg til deg, endå eg vonar å koma snart til deg,
15
men um eg drygjer, at du då kann vita korleis ein skal ferdast i Guds hus, pilaren og grunnvollen åt sanningi.
16
Og som kvar må sanna, stor er den løyndomen i gudlegdomen: Han som vart openberra i kjøt, rettferdiggjord i ånd, sedd av englar, forkynt millom folkeslag, trudd i verdi, uppteken i herlegdom.
← Chapter 2
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 4 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6