bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
2 Chronicles 22
2 Chronicles 22
Norwegian 1938
← Chapter 21
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 23 →
1
Sidan tok Jerusalems-buane Akasja, yngste son hans, til konge etter han; for alle dei eldre var drepne - ein herjeflokk som var komen til lægret saman med arabarane, hadde drepe dei. Soleis vart Akasja Joramsson, konge i Judariket.
2
Akasja var tvo og tjuge år då han tok styret, og sat eitt år konge i Jerusalem. Mor hans heitte Atalja og var dotter åt Omri.
3
Han og fylgde same vegane som Akabs hus; for mori var rådgjevaren hans og forførde han til gudløysa.
4
So gjorde han då det som var Herren imot, på same vis som Akabs hus; for etter far hans var avliden, var dei rådgjevarane hans til skade for han sjølv.
5
Etter deira råd var det og han tok av stad og saman med Joram Akabsson, Israels-kongen, for i herferd mot Hasael, syrarkongen, og stridde mot han ved Ramot i Gilead. Men syrarane såra Joram,
6
og han for heim att og gav seg til i Jisre'el, vilde få lækt dei såri han hadde fenge ved Rama då han stridde mot Hasael, syrarkongen; og Asarja Joramsson, Juda-kongen, drog ned til Jisre'el og vilde sjå um Joram Akabsson, sidan han låg sjuk.
7
Men det var Gud som vilde at Akasja skulde ganga til grunns, og difor laga han det so at han kom til Joram; for då han var komen dit, drog han saman med Joram ut mot Jehu Nimsison, som Herren hadde salva til å øyda ut Akabs hus.
8
Og medan Jehu var åt og sette i verk domen yver Akabs hus, bar det so til at han møtte hovdingane i Judariket og brorsønene åt Akasja, som gjekk Akasja til handa, og han drap dei.
9
So leita han etter Akasja, og dei tok han i Samaria, der han hadde løynt seg, og hadde han med seg til Jehu og drap han. Sidan gravla dei han; for dei sa: Han er son åt Josafat, han som søkte Herren av alt sitt hjarta. Men det var ingen att av Akasjas hus som var før til å taka kongedømet.
10
Då Atalja, mor åt Akasja, fekk vita at son hennar var avliden, tok ho seg fyre å øyda ut heile kongsætti i Judas hus.
11
Men Josabat, kongsdotteri, tok i dulsmål Joas, son åt Akasja, burt or kongssone-flokken som skulde drepast, og hadde han inn i sengebui - både han og sogmori hans; der fekk Josabat, dotter åt kong Joram og kona åt Jojada, presten, løynt han - for ho var syster åt Akasja - so Atalja ikkje fekk drepe han.
12
Sidan var han hjå dei i Guds hus og var burtgøymd i seks år, medan Atalja rådde i landet.
← Chapter 21
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 23 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36