bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
2 Chronicles 7
2 Chronicles 7
Norwegian 1938
← Chapter 6
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 8 →
1
Då Salomo hadde enda bøni si, for det eld ned frå himmelen og øydde brennofferet og slaktofferi, og Herrens herlegdom fyllte huset.
2
Og prestane kunde ikkje koma inn i Herrens hus; for Herrens herlegdom fyllte Herrens hus.
3
Alle Israels-borni såg korleis elden for ned, og Herrens herlegdom kom yver huset; då kasta dei seg ned på golvhellone med andletet mot jordi og tilbad og lova Herren, for di han er god, og hans miskunn varer æveleg.
4
Sidan bar kongen og alt folket fram slaktoffer for Herrens åsyn.
5
Det slaktofferet som kong Salomo då bar fram, var tvo og tjuge tusund naut og hundrad og tjuge tusund sauer sauer. Soleis var det kongen og alt folket vigsla Herrens hus.
6
Medan stod prestane på postane sine, og levitane stod med Herrens spelgogner, som kong David hadde late gjera til å prisa Herren med, for hans miskunn varer æveleg; for David hadde sett dei til å føra fram lovsongen. Men prestane stod midt imot dei og bles i lur, og heile Israel stod ikring.
7
So helga Salomo midluten av fyregarden framanfor Herrens hus; for der bar han fram brennofferi og feittstykki av takksofferi, av di koparaltaret som Salomo hadde gjort, ikkje kunde røma brennofferet og matofferi og feittstykki.
8
I sju dagar høgtida Salomo den gongen helgi, og saman med han ein stor festlyd frå heile Israelslandet, alt i frå Hamatvegen til Egyptarlands-bekken.
9
Åttande dagen heldt dei ei heilag samlingshøgtid; for sju dagar høgtida dei altarvigsla og sju dagar helgi.
10
Tri og tjugande dagen i den sjuande månaden let han folket fara heim att, glade og fegne for alt det gode Herren hadde gjort mot David og Salomo og mot Israel, folket sitt.
11
No hadde Salomo fullført både Herrens hus og kongshuset; og alt det han hadde fenge hug til å gjera i Herrens hus og i sitt eige hus, hadde han ført vel til ende.
12
Då synte Herren seg for han ei natt og sa til han: Eg hev høyrt bøni di og valt meg denne staden til ein offerstad.
13
Når eg stengjer att himmelen, so det ikkje kjem regn, eller byd engsprettor snøyda landet, eller når eg sender ei drepsott inn ibland folket mitt,
14
og folket mitt, som heiter etter meg, då gjer seg mjuke og bed og søkjer mi åsyn og vender um frå dei vonde vegane sine, so vil eg høyra det i himmelen og tilgjeva syndi deira og lækja landet deira.
15
No skal augo mine vera opne og øyro mine høyrsame for den bøni som vert bedi på denne staden.
16
So hev eg no valt ut dette huset og helga det, so namnet mitt skal bu der i all æva, og augo mine og hjarta mitt skal vera der alle dagar.
17
Ferdast du no for mi åsyn, som David, far din, gjorde - gjer du alt eg hev sagt deg, og held du bodi og lovene mine,
18
so skal eg tryggja kongsstolen din, etter den pakti eg gjorde med David, far din, då eg sa: Det skal aldri vanta ein mann av di ætt til å råda yver Israel.
19
Men vender de dykk burt - vanvyrder de dei lovene og bodi som eg hev lagt fyre dykk, og gjev de dykk til å dyrka andre gudar og tilbeda dei,
20
so vil eg rykkja dei upp or det landet eg hev gjeve dei, og dette huset som eg hev helga for namnet mitt, vil eg føykja burt ifrå mi åsyn og gjera det til eit ordtøke og ei spott millom alle folk.
21
Kven som gjeng framum dette huset, som var so høgreist, skal fæla; og når nokon spør kvifor Herren hev fare so med dette landet og dette huset,
22
so skal folk svara: For di dei vende seg frå Herren, sin fedre-Gud, han som førde dei ut or Egyptarland, og heldt seg til andre gudar og tilbad dei og dyrka dei, difor hev han ført all denne ulukka yver dei.
← Chapter 6
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 29
Chapter 30
Chapter 31
Chapter 32
Chapter 33
Chapter 34
Chapter 35
Chapter 36
Chapter 8 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30
31
32
33
34
35
36