bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Matthew 1
Matthew 1
Norwegian 1938
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 2 →
1
Soga um Jesus Kristus, Davids son og Abrahams son.
2
Abraham fekk sonen Isak, og Isak fekk sonen Jakob, og Jakob fekk Juda og brørne hans,
3
og Juda fekk sønene Peres og Serah med Tamar, og Peres fekk sonen Hesron, og Hesron fekk sonen Ram,
4
og Ram fekk sonen Aminadab, og Aminadab fekk sonen Nahson, og Nahson fekk sonen Salmon,
5
og Salmon fekk sonen Boas med Rahab, og Boas fekk sonen Obed med Rut, og Obed fekk sonen Isai,
6
og Isai var far åt David, kongen. David fekk sonen Salomo med kona åt Uria,
7
og Salomo fekk sonen Rehabeam, og Rehabeam fekk sonen Abia, og Abia fekk sonen Asa,
8
og Asa fekk sonen Josafat, og Josafat fekk sonen Joram, og Joram fekk sonen Ussias,
9
og Ussias fekk sonen Jotam, og Jotam fekk sonen Akas, og Akas fekk sonen Esekias,
10
og Esekias fekk sonen Manasse, og Manasse fekk sonen Amon, og Amon fekk sonen Josias,
11
og Josias fekk Jekonja og brørne hans; dei levde i den tidi då folket vart ført til Babylon.
12
Etter dei vart førde til Babylon, fekk Jekonja sonen Sealtiel, og Sealtiel fekk sonen Serubabel,
13
og Serubabel fekk sonen Abiud, og Abiud fekk sonen Eljakim, og Eljakim fekk sonen Asor,
14
og Asor fekk sonen Sadok, og Sadok fekk sonen Akim, og Akim fekk sonen Eliud,
15
og Eliud fekk sonen Eleasar, og Eleasar fekk sonen Mattan, og Mattan fekk sonen Jakob,
16
og Jakob var far åt Josef, mannen hennar Maria som fødde Jesus til verdi, han me kallar Kristus.
17
Soleis er det i alt fjortan ættleder frå Abraham til David, og fjortan ættleder frå David til Babylon-ferdi, og fjortan ættleder frå Babylon-ferdi til Kristus.
18
Då Kristus vart fødd, gjekk det soleis til: Medan mor hans, Maria, var trulova med Josef; og fyrr dei kom i hop, synte det seg at ho var med barn av den Heilage Ande.
19
Josef, festarmannen hennar, var ein rett-tenkt mann og vilde ikkje føra skam yver henne; han sette seg fyre å skiljast med henne so stilt han kunde.
20
Medan han no grunda på dette, då synte ein engel frå Herren seg for han i draume og sa: Josef, Davids son, ver ikkje redd å taka Maria, festarmøyi di, heim til deg; for det som er avla i henne, er av den Heilage Ande.
21
Ho skal eiga ein son, og han skal du kalla Jesus; for han skal frelsa folket sitt frå syndene deira.
22
Men alt dette hende av di det laut sannast det som Herren hev tala gjenom profeten, når han segjer:
23
Sjå, møyi skal verta med barn og få ein son, og han skal kallast Immanuel - det er det same som: Gud er med oss.
24
Då Josef vakna or svevnen, gjorde han som Herrens engel hadde sagt til han, og flutte bruri si heim.
25
Men han kom ikkje nær henne fyrr ho hadde fenge sonen sin; honom kalla han Jesus.
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 2 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28