bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Matthew 2
Matthew 2
Norwegian 1938
← Chapter 1
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 3 →
1
Det var i Betlehem i Judalandet Jesus kom til verdi, i kong Herodes' dagar. Då kom det nokre vismenn frå Austerlandi til Jerusalem og sa:
2
Kvar er den jødekongen som nyst er fødd? Me såg stjerna hans i Austerland, og no er me komne og vil hylla han.
3
Då kongen, Herodes, høyrde det, vart han forfærd, og heile Jerusalem med.
4
Han kalla i hop alle øvsteprestane og alle skriftlærde i landet, og spurde dei kvar Messias skulde koma til verdi.
5
Dei svara: I Betlehem i Judalandet, for so stend det skrive hjå profeten:
6
Du Betlehem, du Judabygd, av Juda-hovdingane er du visst ikkje ringaste av rang; for or deg skal ein hovding ganga fram som skal vera ein hyrding for Israel, folket mitt.
7
Då kalla Herodes vismennene til seg i løynd og spurde dei ut um tidi då stjerna hadde synt seg.
8
So styrde han dei i veg til Betlehem og sa: Far no dit og høyr dykk vel fyre um barnet, og når de hev funne det, so seg meg til, so eg og kann koma og hylla det!
9
Då dei hadde høyrt på kongen, tok dei i vegen, og best det var, fekk dei sjå den same stjerna som dei hadde set i Austerland, ho for fyre dei, til ho kom uppyver der som barnet var; der vart ho standande.
10
Då vismennene såg stjerna, vart dei ovleg glade.
11
Dei gjekk inn i huset og fann barnet hjå mori, Maria. Då fall dei på kne og hyllte barnet. Og dei let upp skrini sine og bar fram for det gåvor: gull og røykjelse og myrra.
12
Og Gud varsla dei i draume, at dei ikkje måtte fara attende til Herodes, og so tok dei ein annan veg heim att til landet sitt.
13
Vel dei var farne, so syner Herrens engel seg for Josef i draume og segjer: Statt upp, tak barnet og mori og røm til Egyptarland, og ver der til eg segjer deg til! For Herodes kjem til å leita etter barnet og vil gjera ende på det.
14
Då stod han upp, og same natti tok han barnet og mori og for til Egyptarland,
15
og der vart han verande til Herodes var avliden, so det skulde sannast det som Herren hev tala gjenom profeten, når han segjer: Or Egyptarland kalla eg son min.
16
Då Herodes såg at vismennene hadde havt han til narr, vart han brennande harm. Han sende ut folk og let dei drepa alle guteborn i Betlehem og heile grannelaget på tvo år og derunder, etter den tidi han hadde fenge vita av vismennene.
17
Då vart det sanna det som Jeremias, profeten, hev tala, når han segjer:
18
Dei høyrde ei røyst i Rama - gråt og stor øying; Rakel gret for borni sine og ansa ikkje trøystarord, for dei er ikkje lenger til.
19
Då Herodes var avliden, syner Herrens engel seg i draume for Josef i Egyptarland og segjer:
20
Statt upp, tak barnet og mori og far til Israelslandet! For no er dei burte dei som leita etter barnet og vilde taka livet av det.
21
So stod han upp og tok barnet og mori og for til Israelslandet.
22
Men då han fekk spurt at Arkelaus hadde vorte konge i Judariket etter far sin, Herodes, torde han ikkje koma dit. Han gjorde som Gud sa til han i draume, og for burt til Galileabygdene,
23
og då han kom til ein by som heiter Nasaret, vart han buande der. Soleis skulde det koma til å sannast det som er sagt gjenom profetane, at han skulde kallast nasarear.
← Chapter 1
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 8
Chapter 9
Chapter 10
Chapter 11
Chapter 12
Chapter 13
Chapter 14
Chapter 15
Chapter 16
Chapter 17
Chapter 18
Chapter 19
Chapter 20
Chapter 21
Chapter 22
Chapter 23
Chapter 24
Chapter 25
Chapter 26
Chapter 27
Chapter 28
Chapter 3 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28