bible
ra
🌐 Language
English
Español
Français
Deutsch
Português
Italiano
Nederlands
Русский
中文
日本語
한국어
العربية
Türkçe
Tiếng Việt
ไทย
Indonesia
All Languages
Home
/
Norwegian
/
Norwegian 1938
/
Micah 1
Micah 1
Norwegian 1938
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 2 →
1
Dette er Herrens ord som kom til Mika frå Moreset i dei dagane då Jotam, Akas og Esekias var kongar i Juda, det som han såg um Samaria og Jerusalem.
2
Høyr, de folk, alle i hop! Lyd etter, du jord med alt som på deg er! Og Herren, Israels Gud, vere vitne imot dykk, Herren frå sitt heilage tempel!
3
For sjå, Herren gjeng ut frå bustaden sin; han stig ned og skrid fram yver høgdene på jordi.
4
Fjelli brånar under føtene hans, og dalane rivnar - som vokset for elden, som vatnet når det støyper seg utfor ein hamar.
5
Alt dette hender for Jakobs fråfall, for dei synder som Israels hus hev gjort. Kven er so skuld i Jakobs fråfall? Er det ikkje Samaria? Og kven er skuld i Judas offerhaugar? Er det ikkje Jerusalem?
6
So vil eg då gjera Samaria til ei steinrøys på marki, til ein stad der dei dyrkar vin; eg vil velta steinane hennar ned i dalen og leggja grunnvollane hennar berre.
7
Alle dei utskorne bileti hennar vil eg krasa, alle horegåvone hennar vil eg brenna upp med eld, og alle gudebileti hennar vil eg øyda; for av horeløn hev ho samla dei i hop, og til horeløn skal dei atter verta.
8
For dette vil eg jamra og øya, vil eg ganga berrføtt og naken ikring; eg vil setja i med jammerskrik som sjakalane og med syrgjelåt som strussane.
9
For såri hennar let seg ikkje lækja; for ulukka er komi radt til Juda, ho hev nått radt til porten åt folket mitt, til Jerusalem.
10
Kunngjer det ikkje i Gat, gråt ikkje der! I Bet-Leafra velter eg meg i moldi.
11
Far burt, de som bur i Sjafir, nækte og skjemde! Folket i Sa'anan vågar seg ikkje ut. Jamringi i Bet-Haesel gjer det rådlaust for dykk å stogga der.
12
For Marots-buane vrid seg i verk for lukka dei hev mist; for ulukka hev fare ned frå Herren, radt til porten i Jerusalem.
13
Spenn tråvaren for vogni, de Lakis-buar! Upphavet til syndi var du for Sions dotter; for hjå deg vart Israels synder funne.
14
Difor lyt du gjeva frå deg Moreset-Gat; husi i Aksib vert ein svikal bekk for Israels kongar.
15
Endå ein gong skal eg lata dykk få ein eigarmann, de Maresa-buar! Til Adullam skal Israels stormenner koma.
16
Raka deg snaud i kruna, klypp håret av, i sorg yver borni dine, som var din hugnad! Raka deg so du vert snaud som gribben, for dei er førde burt ifrå deg.
Jump to:
Chapter 1
Chapter 2
Chapter 3
Chapter 4
Chapter 5
Chapter 6
Chapter 7
Chapter 2 →
All chapters:
1
2
3
4
5
6
7